Korkje den imperialistiske leiinga i Russland eller den imperialistiske leiinga i vest, inkludert stortingsrepresentantar og andre som stemmer for våpenleveransar, har den minste omtanke for dei som blir såra og drepne på slagmarka, på begge sider, ikkje for dei og ikkje for familiane deira., situasjonen er vanskeleg å ta innover seg også for oss som kallar oss krigsmotstandarar. Soldatar i krig, det er slike som ein les om i historiebøkene.

Men dei som flyktar frå russisk mobilisering og kjem over riksgrensa ved Kirkenes no, er menn med moderne frisyrer og antrekk, med GPSar, mobiltelefonar, gjerne i bilar, mange har klare planar for kor dei skal, høyrde eg på NRK i dag. Krigen kjem nært. Ein liknande situasjon kunne tenkjast inn her eg bur, i Brattvåg, ein stad med mange arbeidarar, funksjonærar og gjestearbeidarar. Ville våre nasjonale styresmakter bry seg med vår situasjon her ved ei eventuell mobilisering? Neppe.

Lenin skreiv dette i boka Sosialisme og krig, 1915:" (--)Som vi har sett, dreier det seg i verkelegheita om en krig som føres av dem som undertrykker flertallet av verdens nasjoner, for å befeste og utvide denne undertrykkelsen." Norge er alliert med USA gjennom Nato. USA har formulert ei slik målsetting i klartekst. Kva Russland har formulert, kjenner eg ikkje til, men det er vel noko liknande som skjer der, i alle fall i forhold til tidlegare sovjetrepublikkar.

Okkupasjonen av Ukraina kan sjåast som ei imperialistisk handling, endå om Putin proklamerer vikarierande motiv: Å hjelpe og forsvare den russiske minoriteten i aust.

Men sidan krigen starta har Putin og regjeringa hans gjort alt anna enn å hjelpe dei russisktalande i aust-Ukraina. Russiske åtaks-styrker har bomba hus og infrastruktur, og tvinga befolkninga til lange opphald i skyttargraver og kjellarar. Ikkje så få er blitt drepne eller såra.

Forstå det, den som kan.