Vi registrerer gjennom diverse media at Midsund næringsforum vil ha greidd ut spørsmål om flytting av ferjesambandet Dryna-Brattvåg til Midsund-Ørsneset ytst i Vatnefjorden. Brattvåg blir peika på som ein omveg og ikkje naturleg lenger når Nordøyvegen har kome.

Vi registrerer også at dei 31 bedriftene som står bak oppropet er delt i synet om det er mest tenleg å halde fram med Dryna-Brattvåg med betre regularitet, eller ei mogleg flytting av sambandet.

Gjennom framstillinga i media blir ikkje fordelane med Dryna-Brattvåg nemnt i det heile tatt, men her er det fleire vesentlege faktorar som må takast med i perspektivet.

Å hevde at Brattvåg er ein «omveg» er å ta vel hardt i, når det ikkje er meir enn 2,7 kilometer lengre frå Brattvåg til Digerneset enn det er frå Ørsneset til Digerneset (ifølgje gulesider.no sine køyreruter). I tid utgjer dette om lag to minutt. Overfarta på begge strekningane blir også omtrent det same (10 minutt).

Frå Midsund/Midøya/Otrøya vil det som i dag variere kor langt det er til ferjekaia på begge alternativa – alt etter kvar ein bur.

Heilt vesentleg i denne debatten må vere dei som brukar sambandet jamt, nemleg arbeidspendlarar og skuleelevar. Det er per i dag ein god del arbeidsutveksling mellom Brattvåg og Midsund. Likeins er det mange skuleelevar frå Midsund/Midøya/Otrøya på Haram vidaregåande skule.

For desse vil Midsund-Ørsneset utgjere ein stor forskjell og vere ein omveg. Så då er spørsmålet: Er det verdt å ofre fleire arbeidsplassar i Brattvåg, samt skuletilbod for ungdommar på vidaregåande skule (dei sluttar til ulike tidspunkt og tek gratis ferje i dag) for å spare nokre minutt på handelslekkasje til Moa eller Digerneset?

Vi trur verken skuleelevar eller pendlarar synest det er greitt å reise med buss og ferje med ekstra tidsbruk langs Vatnefjorden og over Remmefjellet for å kome til skule og arbeid i Brattvåg. Og ser ein på arbeidsplassar, er det neppe nokon som er så sikre som dei i Brattvåg, og endå betre ser det ut til å bli framover.

Skal ein prøve å snu ein negativ trend i folketalsutviklinga, så er utan tvil eit mest mogleg tidssparande dagleg transportsamband for arbeidsutveksling og skule eit viktig moment.

Det er også verdt å ta med i perspektivet her at når ein kjem i land med ferja til Brattvåg, så har ein gangavstand til sentrum med tilgang til ei rekke fasilitetar. Og det er eit godt etablert bussamband i tilknyting ferja.

Med dette i betraktning, saman med den store ekstrakostnaden det vil vere for Møre og Romsdal fylkeskommune å bygge to heilt nye ferjekaier, samt ruste opp delar av vegstrekninga mellom Eidet og Ørsneset, så kan det ikkje vere tvil om at både Haram, Midsund-samfunnet og fylkeskommunen (med sin pressa økonomi) er mest tent med oppgraderte ferjekaier i Brattvåg og Dryna.

Og for også å tenke litt fram i tid så har både Nordøyane og Midøya/Midsund/Otrøya eit stort potensial innanfor turisme, der eit samarbeid ikkje vil vere unaturleg. Då vil ein vere best tent med ferjekai i Brattvåg. Likeins når Hamnsunssambandet kjem, vil ein også raskt kome seg både til Ålesund og Vigra flyplass frå Brattvåg.