Det er med undring eg les administrerande direktør i Helse Midt-Norge sitt saksframlegg om Helseplattformen til styremøtet 13.12.23. I forslag til vedtak tilrår Slørdahl at opprinneleg plan om innføring av Helseplattformen vert opprettheldt, trass vedtaket frå styret i Helse Møre og Romsdal 07.12.23 om å utsette innføringa.

Risikerer å miste kompetanse Slørdahl skriv om negative effekter ved utsetting. Mykje handlar om økonomiske konsekvensar, manglande gevinstrealisering og redusert bærekraft. Deretter blir det trekt fram at innføringsteamet i Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag består av nøkkelressursar som det er risiko for å miste ved ei utsetting. Det vil vidare vere risiko for å miste kompetanse og nøkkelressursar i Helseplattformen AS. Dette er sikkert rett. Eg vil likevel minne direktøren om kva nøkkelressursar ein faktisk også står i fare for å miste. Nemleg fagpersonane som står for den daglege drifta. Ei undersøking gjennomført av Den Norske Legeforening ti månader etter innføring av Helseplattformen på St. Olavs, viste at fire av ti legar vurderer å slutte eller aktivt søker ny jobb grunna journalsystemet. Det er 40 prosent, eller meir enn 300 av dei 765 legane som svarte på undersøkinga! Nyleg signerte også 583 legar i Helse Møre og Romsdal under eit brev om å utsette innføring av Helseplattformen.

Rekruttering og tillit Støyen rundt Helseplattformen er ikkje bra for rekruttering. Merkeleg nok er ikkje temaet rekruttering nemnt i det 15 sider lange saksframlegget til Slørdahl. Legar i spesialisering i Møre og Romsdal må i dei fleste fagfelt ut av fylket for å fullføre spesialisering. Vi er fleire som har valt eit anna høgspesialisert sjukehus enn St. Olavs nettopp på grunn av situasjonen med Helseplattformen. Dersom Helse Midt-Norge vil halde på fagfolka er det på tide å gjere kloke val. Det er eit stort behov for å gjenreise tilliten før vidare utrulling. Styret i Helse Møre og Romsdal har forstått alvoret med sitt styrevedtak om utsetting. Tilliten kan berre vinnast dersom Helseplattformen viser seg å bli den forbetringa vi vart lova. Hittil er dei fleste nøkkelressursane på sjukehusa langt frå overbeviste. Så kva nøkkelressursar er du eigentleg mest redd for å miste, Slørdahl?