Trur ikkje det. Norge har aldri hatt nokon adel, aller minst på Sunnmøre. Med unntak for Kongehuset, må kvar og ein bygge sitt eige omdømme. Å arve eit godt namn og ein sekk pengar, vekkjer ikkje åtgaum, men det er ein fantastisk god start og grunnmur for den som vil syne kva han duger til. Det er som å få starte frå Vonhytta som deltakar i Vardeløpet, medan røkla må starte frå Devoldfabrikken.

Heller er det slik at i Oslo har dei eit investormiljø, medan på Sunnmøre har vi eit gründermiljø. Vi «tilber» personar som startar med to «tomme hender» og bygg opp eigne bedrifter og rikdom. Det er liksom sjela til fiskarmiljøet og småindustrien her i steinura.

Å starte med ei smie og bygge bedrifta opp eit moderne skipsverft, samt guten som startar som halvlotting og ender opp som vellukka eigar av eit større reiarlag, er våre heltar. Det same gjeld også legender som Ekornes, Hatlebakk, Solskjær, osv. Og desse folka er dei fremste mellom likemenn, og er same jensane både før og etter dei kom til rikdom.

Folk som er fødd med ei sylvskei i munnen, og snakkar til allmugen ovanfrå og ned, er ikkje særleg respektert i det breie lag. Og når ein har så lite teft at ein møter i Oslo for å klage si nød, ikledd ei Rolex-klokke til x-antal kr 100.000, kan reaksjonane frå røkla lett verte negativ. Kjempebragder utført av besteforeldre, vert sjeldan kreditert sonesøner i form av godt ry som bedriftsleiarar. Ofte er det heller slik at det vert ei byrde.