12. mars markerer vi Barnehagedagen 2024 over heile landet for å synleggjere kva born erfarer, lærer og opplever i barnehagen. Temaet er «nærmiljø og kulturarv» og slagordet er «Staden min».

Alle barn skal føle seg sett og anerkjent for den dei er, og den enkelte sin plass og verdi i nærmiljøet skal synleggjerast. Å ha eit kjent nærmiljø og kjennskap til sin kulturarv skapar band, og ei kjensle av å vere ein del av arven etter generasjonane før oss og aukar kjensla av å høyre til på sin stad.

Men barn må ha kompetanse på korleis man nyttar nærmiljøet og bringar vidare kulturarven ifrå eigen heimstad. Det føreset at man har ein sosial kompetanse på korleis ein kjem i kontakt med andre, at ein kan både lytte og vise empati – og ikkje minst respekt i kvardagen for heimstaden, kulturarven og menneska rundt ein, både liten og stor. At ein respekterer naturen, nærmiljøet og kvarandre for den ein er.

Det føreset at alle vaksne har eit ope auge for «staden min» i og rundt barnehagen, og at dei hjelper born som ikkje har klart å tileigne seg disse ferdigheitene enno. Det er de som er vaksne, tilsette i barnehagen og foreldre, som har ansvaret for å sjå kvart enkelt barn, vere gode førebilete, og å rettleie og bidra.

Då må bemanning og kompetanse vere på plass for å ha ein barnehagekvardag for borna våre. Det er difor godt å lese at regjeringa gjennom den nye strategien for barnehagane fram mot 2030 vil ta barnehagepolitikken over i ein ny fase, med fokus på forbetring av kompetanse, bemanning og kvalitet i barnehagen.

Den nye strategien må utviklast i dialog med dei som arbeider i barnehagen og deira organisasjonar. Regjeringa har oppretta «Nasjonalt forum for barnehagekvalitet». Dette forumet skal ha tre sentrale fokus: «Inkludering og deltakelse», «kompetanse og bemanning» og «styring og finansiering».

Så kjære alle barnehagetilsette: Etter at de har stått i ein pandemi over år, og i dag står i ei låg bemanningsnorm, og i ein mangel på nok folk til å rekruttere inn i barnehagane våre, så er det de som held barnehagen i gang. Det er de, trass i bemanningsnormer og sjukefråvær, som jobbar for å halde drifta i gang. Det er de som gjev borna alle denne støtta, tryggleiken, kompetansen og livsmeistringa dei treng for å vokse opp i samfunnet og verte ein del av nærmiljøet og forvalte kulturarven. De er de som gjev dei kjennskap nok til å kjenne «staden min».

Til lukke med barnehagedagen alle barnehagetilsette. De har gjort- og gjer ein kjempejobb!