Så blir det egg, og så blir det ungar. Slik er naturen. Dei to kjønn søkjer saman og oppfyller skaparverket sine lover.

Slik var det også i skapingsakta, då Guds ypparste skapning, mennesket, vart skapt. «Til mann og kvinne skapte han dei – og Gud velsigna dei» Det einaste samliv som har Guds velsigning over seg, er ekteskapet mellom mann og kvinne. Og slik levde slekta gjennom generasjonar.

Men no har samfunnet gått nye vegar, og vedteke nye lover, som bryt med Guds skaparording. Vi har ei regjering som vil påby skuleverket og andre miljø at no er det ikkje berre to kjønn. Nei – det er fleire og det er opp til den enkelte å finne ut kor ein høyrer heime. Dette får katastrofale følger. Ein liten gut kom heim frå barnehagen. Han kasta seg gråtande inn i fanget til bestemor og skrik: «Bestemor, eg vil ikkje vere jente!»

Korleis skal dette ende? «Mor – far og barn» har vore grunncella i samfunnsfundament gjennom generasjonar. Går grunncella i oppløysing vil også samfunnet forvitre. Den vegen som no blir utpeika av styresmakter vil få katastrofale konsekvensar for komande slekter. Til dei som står for denne utviklinga vil eg gjerne stille eit spørsmål: Trur du at Jesus ikkje tala sanning då han sa: «Men då alt vart til i opphavet, gjorde han dei til mann og kvinne. Difor skal mannen forlate far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eit kjøt. Difor, det som Gud har knytt saman, det skal ikkje eit menneske skilja.»

Eg kjenner på stor uro og smerte for den utviklinga som no vert teikna for oss.