Takk til Ragnar Elias Bakken for hans lesarbrev i Sunnmørsposten den 9. mai. På ei klår og rett måte understrekar han den utviklinga som skjer i vårt kjære fedreland. Meir og meir blir fjerna, og motarbeidd, av det som tidlegare slekter bygde liv og samfunn på.

Eg merkar meg at i avisa same dag uttaler statsminister Støre at «hvor viktig det er å kjempe for de mest grunnleggende verdiene» i landet vårt.

Ja, vil statsministeren gjere det?

I Grunnlova sin paragraf 2 står det: «Verdigrunnlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv.»

Ser vi ikkje at det kristne verdigrunnlaget blir stadig angripe og sett ut av påverknad i Norge?

Eg merkar meg at den indiske filosofen, Vishal Mangalwardis, seier «at Bibelen skapte vår moderne verden av vitenskap og lærdom fordi den gav oss Skaperens visjon om hva virkeligheten handlet om. Det var det som gjorde Vesten til en lesende og tenkende sivilisasjon.»

Sitat til ettertanke!

Bibelen er blitt kalla «Verdenslitteraturens perle» og «Bøkenes bok.»

No blir tankar og rettleiing frå denne boka avskrive og skrota.

Heller ikkje dei unge skal få ta til seg av denne lærdomen, konferer at Gideon blir nekta å dele ut biblar til skuleelevar.

Forstå vi korleis dette går mot fråfall og normoppløysing i vårt kjære fedreland?