I ei tid har eg følgt med arbeidet med industriutstillinga frå sidelinja. Godt at det enno ikkje er straffbart å gjere dugnadsarbeid.

No som dei er i mål, tenkjer eg på mjølkebukken nede ved Eljasløa. Klokka halv sju om morgonen måtte spanna vere på plass. Då vart dei henta av mjølkeruta. Vegen over fjellet vart opna i 1937 og frakta til meieriet på Stranda.

Frå Ramstadkaia gjekk Egil Larsen med motorbåten sin lasta med transportspann. Under krigen ladda han akkumulatorane til radioen i steinløa på Løseth. Stranda hadde ein professor i meierimaskin på landbrukshøgskolen på Ås, Olav Framhus.

Meieriet på Stranda er eit viktig element i Sunnmøre si industrihistorie, og samferdselshistorie.

Eit år var det mykje klassemjøl, mjølk som vart nedprisa. På same tid fekk meieriet kløvermerket for smøret — kvalitetsmerket. Tillitsmannen for leverandørane i Sykkylven, «Lars-Lars» på Aurdal, tok det då opp på årsmøtet og stilte følgjande spørsmål til meieristyraren Holmgren: «Korleis greier dokke å lage kløversmør av klassemjølk?

NB! Innlegget er transkribert frå eit handskrive brev, og enkelte ord kan derfor vere mistolka (red.)