Derfor prioriterer FrP sterkt dei vidaregåande skulane i heile fylket.

Som medlem i utdanningsutvalet på fylket har eg og Geir Stenseth kjempa for prioritering av dei vidaregåande skulane i heile fylket, og for å bevare eit breitt og allsidig linjetilbod.

Ungdommen vår er det viktigaste vi har i fylket. Møre og Romsdal har over fleire år no auka andelen av ungdom som vel yrkesfagleg vidaregåande utdanning og andelen elevar som fullfører er høg. Då kan vi ikkje fortsette omstilling 2020, som AP og SP har stått i bresjen for, der skulane måtte gjere store kutt i linjeval og skular vart lagt ned. Ungdomen vil helst gå på ein nærskule slik at dei framleis kan bu heime, så vi treng vidaregåande skular over heile fylket. Og vi må framleis styrke yrkesfagleg utdanning, med både linjeval og utstyr. Det kostar, men er ei viktig prioritering. Vidaregåande utdanning skal vere for all ungdomen vår, same kvar du bur og kva linje ein måtte ønske. Og då treng dei gode og mange nok lærarar som har tid og kunnskap, skular med gode nok fasilitetar og linjer å velje mellom.

Skal ikkje vidaregåande skule vere for alle? Er ikkje alle ungdomane like mykje verdt? Vi snakkar så fint om inkludering og tilpassa opplæring, og då er det viktig at vi prioriterer ungdomen slik at dei kan få ta ei utdanning dei ønsker og kan meistre, og i størst mogleg grad ha moglegheit til å bu heime. Det bringar meg inn på ei konkret problemstilling som regjeringa må få gjort noko med snarast. Eg blir lei meg, sint og trist når eg les om Ask, som vart omtala i VG i januar, som har Down Syndrom, og som etter 13 år på skule vil få «ikkje vurdert» på vitnemålet sitt, fordi han ikkje gjennomfører vidaregåande på vanleg måte. Det må no kunne vere mogleg å få eit vitnemål som faktisk kan ha ein verdi for dei ungdomane som ikkje kan fullføre vidaregåande på vanleg måte. Kanskje kan det stå «Deltatt», «til stades» eller «Gjennomført». Det er noko med det å føle seg verdsett og inkludert og kunne få auka sjølvkjensla. Dei små orda på vitnemålet vil ha stor betydning for dei aller fleste.

Dette er noko regjering og Storting må gjere noko med snarast!

Eg stiller til val på FrP sin fylkestingsliste som kandidat nr. 5. Dette gjer eg fordi eg brenn for fylket mitt, og eg vil arbeide for best moglege tenester til vanlege folk i heile fylket.

Vidaregåande skular blir ei viktig sak for FrP også i dei neste fire åra.