Utan eitt ord om språk ser konsekvensutgreiinga om Haram ut av Ålesund bort frå ei av dei viktigaste endringane etter samanslåinga av fem kommunar.

Ålesund kommunestyre bad i november 2021 om å få greidd ut mellom anna konsekvensane for samfunnsutviklinga viss Haram bli eigen kommune att. For nokon av oss heng språk og samfunn saman, men konsulentfirmaet BDO nemner ikkje språk med eitt ord.

Gode grunnar talar for at språk er ein del av denne saka.

Ålesund kommunestyre vedtok i desember 2019 ein omfattande språkbruksplan med retningslinjer for statsspråk til kommunen og kommunens eige administrasjonsspråk. BDO har fått «styrende dokumenter» frå kommunen. Då må BDO også ha fått språkplanen.

Språkvedtaket kom etter ein fem år lang debatt. Vel 300 personar og organisasjonar ytra seg i meir enn 400 avisartiklar og ei mengd innlegg i kommentarfelta. Før samanslåinga blei ingen andre emne diskuterte grundigare og skarpare enn kva språk kommunetilsette skulle bruke.

Språkleg sett er Ålesund ein heilt annan kommune no enn før samanslåinga i både administrasjon og kvardag. På to år har det knapt vore eitt avisinnlegg om språksaka, og administrasjonen har ganske lojalt følgt opp vedtaket.

Frå 2020 er Ålesund blitt ein stor og tospråkleg kommune med eit nynorsk tyngdepunkt. Den som går inn på rådhuset eller nettstaden til kommunen, møter eit anna språkmiljø enn før. Kommunedirektøren har signert aviskronikk på nynorsk. Parken kulturhus i Ålesund sentrum bruker nynorsk i både program og sosiale medium. Det er blitt lettare for nynorskbrukarane blant dei tilsette å skrive nynorsk. Ikkje minst møter mange no ei anna haldning innanfor det som var gamle Ålesund kommune.

Dette har vore med og endra haldningane blant innbyggjarane. Motstanden mot nynorsk var neppe så allmenn som dei hardaste motstandarane ville ha det til. Eg trur dette er ei av dei største endringane den nye storkommunen har ført til. Prosessar er sette i gang som alt har endra kvardagen for folk, og resultatet er lite omstridd.

BDO legg vekt på at dei har eit «begrenset ansvar». Diverre er også kunnskapen avgrensa. BDO er gode i rekning, middels på demokrati og skriv til stryk i samfunnsforståing. I konsekvensutgreiinga er innbyggjarane meir mottakarar av tenester enn aktive samfunnsborgarar og språkbrukarar.

Det er som venta om språksaka kjem opp att ved kommunevalet i 2023. Er omkjemparane like lite villige då som før til å diskutere fagleg presist kva det inneber å vere ein såkalla språknøytral kommune, kan konsekvensane bli store. Fram til 2020 brukte både Ørskog, Skodje og Sandøy nynorsk til innbyggjarane sine. Utfallet av Haram-saka kan føre til ei endra samfunnsutvikling etter 2023 som ikkje er blitt vurdert.

At språkplanen kan bli sett på spel, høyrer med når framtida for Haram skal avgjerast. Difor bør tilhengjarane av at Haram går ut, klargjere korleis dei ser på også denne sida av saka. Det same gjeld mindretalet i språksaka i 2019. Slikt må folk vite før innbyggjarundersøkinga og folkerøystinga.

-----------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!