Ser i Sunnmørsposten 18. mars eit stort oppslag om «demenslandsby» i Volda. Eg er imponert over og har stor respekt for den spektakulære innsatsen Nils-Jarle Sætre har gjort til inntekt for demensforsking. For det har eg ved møte hatt høve til å rose han.

Men som tidlegare geriatar, og med fleire års erfaring i demensomsorg, ser eg meg nøydd til å åtvare mot planane om «demenslandsby» på Mork.

Det vert i artikkelen vist til etablerte tilbod av liknande karakter i Bærum og Oslo, etter mønster frå Nederland. Men å samanlikne Amsterdam i Nederland med Søre Sunnmøre er vel å gå for langt. Og elles har vi neppe noko å lære om eldreomsorg frå Nederland, som er eit heilt anna samfunn enn vårt.

Den vesle erfaringa ein har frå Bærum og Oslo er ikkje udelt positive. Eg ser ikkje bort frå at «demenslandsby» kan fungere i ein storby med tett busetting, god kommunikasjon og etter kvart mange gamle med demenssjukdom og dårleg familietilknyting.

Ei løysing som skissert for Mork er det motsette av det som dei siste åra har vore arbeidd for, nemleg eit «demensvenleg samfunn». Løysinga med «demenslandsby» minner om tidlegare tider med spesielle institusjonar for psykisk utviklingshemma. Det er ikkje eit slikt gettoliknande tilbod vi treng til våre kjære gamle med demenssjukdom.

Vi treng ikkje meir stigmatisering av funksjonsveike gamle enn det vi alt har i vårt kompliserte og teknologiske samfunn. Er det nokon som har trong om støtte og kontakt med sitt nærmiljø og sin familie, så er det dei gamle og særskilt dei gamle med demenssjukdom.

Pasientane med demenssjukdom er svært ulike i sin funksjon, både kognitivt, åtferdsmessig og kroppsleg, med variasjon frå dag til dag og kanskje time for time. Og sjukdomane er progressive. Tilbod som gir grunnlag for tryggleik og trivsel vil bli svært krevjande. Dette kunne eg ha sagt meir om, men la det til slutt bli dette:

Pasientar med demenssjukdom treng sitt gamle nærmiljø. Sats på styrking av heimeteneste med støtte og avlastning for pårørande. Alle kommunane i vårt område har sjukeheim. Å omstrukturere desse til aktive heimar, gjerne med små einingar er mogeleg utan å bygge ein landsby «isolert» frå samfunnet.