I svært mange land har vi menneske med ulike tru, ulike religionar og ulike religiøse skrifter.

I landet vårt finn vi overvekt av kristne, dette har bygd seg opp gjennom 1000 år. I dag vil vi finne eit Norge vi kan kalle multikulturelt med tilhøyrsle innan ulike religionar. Mange seier det likevel slik: Norge er eit kristent land.

Religionsfridom og respekt for andre si tru bør vere sjølvsagt i vårt land og rundt om i verda. Samstundes lever vi i eit land der ytringsfridomen er verdsett høgt. Takk og pris for det! Til tider kan desse verdfulle eigenskapane kome i konflikt. Noko kan løysast ved hjelp av fornuft og gode løysingar, men ved somme høve må strengare middel til.

Personleg vil eg verte vonbroten dersom ein eller fleire står fram og lagar bål av ei viktig og kjær bok for meg og mange med meg – Bibelen. I dei seinaste dagane har vi opplevd sterke scener ved at enkelte i ytringsfridomen sitt namn står fram og lagar bål av Koranen – Islam si heilage bok. Dette har utløyst sinne kopla med ulike mothandlingar – gjerne knytte til vald og terror. Våre naboland Sverige og Danmark har særleg kome i fokus grunna brenning av Koranen.

Koranbrenning er ikkje ulovleg i høve norsk, svensk og fleire andre land sine lovverk. Argumenta for ei formulering i vårt lovverk som gjer dette ikkje straffbart er nettopp knytte til ytringsfridomen – ein fridom vi set høgt. Vi er inne i ei gråsone der menneskerettar står mot kvarandre. Skal det i ytringsfridomens namn vere lovleg å krenke andre menneske sin religion gjennom kynisk å vise brenning av deira mest heilage bok? Uro, terror og jamvel krig har altfor ofte i ytringar og handlingar vore knytte til religion. Det kviler eit ansvar på oss alle!

Dei fleste av oss har haldningar som inneber respekt for Bibelen, Koranen og andre religionar sine religiøse hovudverk. Dette skjer utan at det i lovverket vårt er definert som ulovleg og straffbart. Likevel finst det dei som trør over denne grensa. Desse bør etter mi vurdering bli møtt med forbod heimla i norsk lov. Svenskane skal eg halde med unna. Det ville likevel vere greitt om dei eventuelt følgde oss i å lovfeste eit forbod mot skjending/brenning av Koranen, Bibelen m.fl. Kva har vi eigentleg å tape med å fjerne ugras i retten til ytringsfridom?