«No er det dei rike som skal betale, og dei skal berre betale frå det store overskotet dei har, og endeleg får kommunane som ofrar sine naturressursar noko direkte att i kommunekassa.» Finansminister Vedum si framlegging av sine teoriar rundt grunnrenteskatt burde ha skapt jubel og glede i heile kyst-Norge, men enno har eg til gode å høyre om dei som har rekna seg fram til meir pengar i 2023 enn det ein har med dagens løysing. Og lyttar vi til næringa sjølv så fortel dei om ein grunnrenteskatt på 40 % og ein samla effektiv marginalskatt på 62 % for den norske havbruksnæringa frå skatteåret 2023. Kven har rett?

Grunnrenteskatten vil få store konsekvensar for den norske havbruksnæringa, men også for små distriktskommunar, som har sett med glede på investeringar sjømatnæringa har sett i gong, men som no effektivt er stoppa. I tillegg får vi kraftig svekking av den norske næringa sin internasjonale konkurransekraft. Utanlandske deleigarar er skaka over kor raskt Norge endrar sine konkurransevilkår, og opplever Norge som ein useriøs rammeleverandør.

Fakta er at verda ikkje treng ikkje norske fjordar for å produsere laks, men fordi konkurranseforholda har ligge så godt til rette så har vi vore å føretrekkje. Det er godt mogleg drive oppdrett av laks i sjø, på land og til havs, og såleis er havbruksnæringa både global og mobil.

Over halvparten av dei om lag 85 selskapa i havnæringa har ein produksjon på meir enn 5 000 tonn. Disse selskapa representerer heile 93 % av dei tilsette og den totale norske produksjonen, og må betale grunnrenteskatt. Når då Vedum lovar frådrag for investeringar i sjø, så gløymer han å fortelje at dei verkeleg store investeringane no skjer på land, med smolt og postsmolt der regjeringa ikkje blir medinvestor, fordi produksjon på land ikkje gir rett til frådrag. Dermed blir planlagde investeringar stoppa, og dermed rammar staten 10 000 tilsette i næringa og meir enn 30 000 i leverandørindustrien.

Havbruksnæringa bør sjølvsagt betale skatt og avgifter på lik linje med andre næringar, og kommunar som gir tilgang på naturressursar bør få kompensasjon for det. Både når det gjeld havnæringar, vindkraft, mineral og vasskraft. Slik sett er det fornuftig av regjeringa å sjå på korleis ein skattlegg. I dag betalar havbruksnæringa for vekst til staten, havbrukskommunane og fylka. I tillegg kjem produksjonsavgift til kommunane og fylka, også kalla lakseskatten, som vart innført i 2021. Denne skatten vart innført i samarbeid med næringa, men då med forventningar om at ideen om grunnrenteskatt vart lagt vekk. Næringa opplever allereie i dag krava for vekst og produksjonsavgift som ein grunnrenteskatt i havbruket. Er det då fornuftig å legge ein skatt til på toppen?

Er det greitt at kysten tapar sjansen for fleire arbeidsplassar? Vil regjeringa sine gode intensjonar stoppe lokal verdiskaping, i staden for å bygge landet? Tør vi dette?