Påverknaden frå amerikanske kulturen har vore overveldande sidan siste verdskrigen. Det er ikkje til å unngå frå eit imperium med hegemonisk makt. Alle land og folk lærer av kvarandre.

Men no gidd vi ikkje ein gong å døype om og tilpasse fenomena til norsk språk og norske tilhøve, men tek dei rett inn med språk og kultur uendra. Det gjeld metoo, black lives matter, pride, halloween, black friday, black history month…

I Peer Gynt skriv Henrik Ibsen (ein norsk forfattar som skreiv strålande teater (på dansk) og Peer Gynt er ein av dei mest kjende verka hans) om «firehundreårig natten ruged over abekatten». Med det meinte han dei over 400 åra då Noreg var ein koloni under Danmark og nordmenn apa etter alt som var dansk.

Eg skulle ynskje vi hadde litt mindre husmannsånd no etter nesten 120 år som sjølvstendig nasjon. I det minste kunne vi nytte våre eigne språk og tilpasse fenomena frå ein så svært framand kultur som den US-amerikanske til vår eigen kultur og våre eigne tradisjonar. Det ville i den minste vist litt sjølvstende og ryggrad.