Vi i SV har jobba systematisk inn mot regjeringa for nettopp å få på plass betre vilkår for norske verft, og har også fått fleire gjennomslag for dette, no seinast i revidert nasjonalbudsjett i juni.

I budsjettforliket sikra vi i SV betre finansiering av grøne skip, grøne løysingar og grøne industrietableringar. Det er vårt svar på USA si grøne milliardpakke. NHOs Norsk Industri har uttalt at budsjettforliket på desse punkta har treft blink. Vi vonar at også den viktige maritime klynga vi har her på Sunnmøre ser dei positive grepa som vart landa. Grepa omhandlar blant anna forbetringar av den statlege garantiordninga. Garantidelen staten kan gje, vert auka frå 50 til 75 prosent av byggjelånet til skip, fartøy og innretningar til havs frå 1. juli. Det vil hjelpe på likviditeten i bedriftene. Slik vert det lettare for norske verft å delta i konkurransar og byggje fleire båtar parallelt.

Dei siste åra har altfor mange båtar, skip og ferjer blitt bygde i utlandet. Fleire av nullutsleppsferjene i fylket er t.d. produserte i Tyrkia. Det meiner vi er heilt feil. Her må det offentlege ta grep og stille betre krav til kvalitet, miljø og løns- og arbeidsvilkår i konkurransane. Det vil vi i SV vere pådrivar for, både i fylkeskommunen og statleg. Vi må sørge for at neste ladning med grøne ferjer og hurtigbåtar blir bygde på norske verft.

Den maritime næringa på Sunnmøre er langt framme i skorne når det gjeld utvikling av grøn teknologi, omstilling og berekraft. Ulstein SV tildelte i juni sin årlege miljøpris til Green Yard Kleven. Dei satsar på ein sirkulær skipsverftsindustri der ombruk, «oppsirkulering» og renovering av skip og skipsdelar sparar både miljø og klima. Vi vart imponerte over arbeidet deira på omvising i samband med prisutdelinga. Skal vi få fart på den grøne omstillinga, er dette vegen å gå.

Utvikling av ny, grøn teknologi og grøne løysingar skaper nye arbeidsplassar, samstundes som det er bra for kloden. For å lukkast med den grøne omstillinga i den maritime næringa, må vi politisk sikre at dei norskeigde verfta har minst like gode vilkår som dei utanlandske.

Vi i SV vil halde fram med å lytte til behova bransjen har, og arbeide for at rammevilkåra blir endå betre for å stimulere til ein framtidsretta og berekraftig, norskeigd maritim industri på Sunnmøre!