Årsaka er i hovudsak relatert til økonomi. Det trengst både nye sjukehusbygg og nytt utstyr. Men dette må ikkje gå ut over pasienttilbodet.

Vedtaket om å legge ned Mork rehabiliteringssenter er ei uklok og lite framtidsretta avgjerd. Dette vil også gjelde fleire andre kutt og nedleggingar, som truleg vil kome.

Det har vore ei reell underfinansiering av helseføretaka. Finansministeren har varsla ei ekstraløyving, men peikar på at det framleis vil vere stramme budsjett, og det er grunn til å tru at helseføretaka vil bli tvinga til å gjere drastiske grep vidare, også med ekstraløyvinga. Men er det verkeleg her vi skal spare? Ved ein reduksjon i tilbod og kompetanse, vil fleire pasientar trenge meir hjelp i kommunane, og det vil føre til større utfordringar både for pasientane og kommunane.

Kommunane er ikkje rigga for å gjere spesialisthelsetenester av slik art. Og det er rekrutteringsutfordringar på fagfolk i heile landet, noko som gjer det enda meir krevjande å hjelpe dei som er hardt råka av sjukdom eller skade. Det er difor viktig å prioritere å bygge lokal kompetanse før ein vurderer å legge ned etablerte fagmiljø på til dømes rehabilitering, og innanfor psykisk helse.

Når ein pasient opplever å kome seg på føtene att, og får 10 arbeidsføre år etter behandling, så snakkar vi om store verdiar, menneskeleg og økonomisk. Både nedlegging av Mork og andre reduksjonar i tenester til pasientane i helseføretaket gir oss store utfordringar i tida framover, fordi oppgåvene uansett må løysast, og problem ofte berre blir skubba nedover til kommunar, pårørande og pasientane sjølve.

Venstre meiner det er på høg tid å sjå på den totale samfunnsrekneskapen. Vi må rekne på kva som tener samfunnet når ein får folk raskare tilbake til ein kvardag i arbeid, kontra å forbli varig skada eller ufør. Helsevesenet er til for folk som treng hjelp, ikkje omvendt.