I tre år har bøndene bedt om oppdaterte tal for å berekne bøndene si inntekt. Det er heilt avgjerande for å kunne samanlikne bøndene si inntekt med andre profesjonar. Då KrF sat i regjering vart det sett ned eit utval for å få dette på plass. Målet var at bonden skulle kjenne seg igjen i dei tala som vart presentert.

For bonden si inntekt må kraftig opp, og då er det heilt avgjerande at ein er einig om kva inntekter ein norsk bonde kan vente seg i dag.

Derfor kom det som eit sjokk 11. april at Arbeidarpartiet og Senterpartiet ikkje innfridde på eit einaste av dei punkta Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget hadde spelt inn. Senterpartiet har gått på eit skikkeleg mageplask i landbruksforhandlingane – og vi er oppgitt på vegner av norske bønder.

Olaug Bollestad har vore konstruktiv og forhandla med regjeringa på vegner av KrF, og vi trudde lenge at dei (Ap og Sp) skulle finne ei løysing saman med oss. KrF har vore og skal vere eit parti som gagnar norsk landbruk og den norske bonden.

Men når Senterpartiet heller søker fleirtal med Høgre og ikkje gir noko i det heile – då er det trøysteslaust. Det seier sitt når det vedtekne forslaget er så dårleg for norske bønder at sjølv ikkje FrP vil vere med på det.

Regjeringa legg no til grunn at bonden skal jobbe 1845 timar i eit årsverk – rundt 100 timar meir enn ein skiftarbeidar. Trass i at eit samla landbruk har bede om at timetalet må ned mot grupper dei samanliknar seg med, har ikkje regjeringa gjeve ein einaste time her.

I tillegg vert inntektstala for bøndene «blåst opp» 20 prosent gjennom ei normering – og framlegget frå regjeringa vil heller ikkje gi kapitalavkasting på det bonden har investert i.

Senterpartiet kunne fått fleirtal saman med SV og KrF dersom dei hadde ynskje om å kome bøndene i møte. Korleis i all verda kunne dette skje?

Her meiner vi Senterpartiet spelte vekk ein historisk sjanse – og det er ikkje rart at fleire senterpartitoppar i Møre og Romsdal ristar oppgitt på hovudet. Det gjer vi også – men først og fremst er vi skuffa på vegner av den norske bonden.