Laurdag morgon 7. oktober trengde nokre hundretals Hamas-terroristar inn på israelsk område der dei gjorde akkurat det same som deira IS-trusbrør hadde gjort tidlegare.

Vi hugsar også terroråtaket i Paris i 2015 der 130 personar på ein konsert vart slakta ned av islamske terroristar.

På ein musikkfestival sør i Israel er det så langt talt opp 260 døde. I tillegg er mange kidnappe til Gaza. Og kva hender så her heime?

I London og Berlin vart det arrangert demonstrasjonar til støtte for mordarane i Hamas – ikkje for offera! Også i Oslo blei det arrangert demonstrasjon til støtte for palestinarane.

I Danmark og Sverige vurderer myndigheitene å innføre lover som skal hindre brenning av ei bok (Koranen) som er det ideologiske grunnlaget for desse drapsmennene. Land og rike som tillet slike demonstrasjonar og lover har ikkje lenger livets rett.