«Jo mer jeg har lært om behovene små barn har for å kunne bli robuste nok til å mestre livet, jo mer har jeg kjent på alt vi bør gjøre, men som vi ikke rekker over», skriv pedagogisk leiar Kristin Øien Bjørvik i eit lesarinnlegg i Barnehage.no.

«Jeg forstår de som velger å forlate yrket, for etter mange kamper så føler man seg ikke lytta til», seier barnehagelærer Andrea Seim Jakobsen i Foreldrepodden.

Dette er berre to av ei rekke forteljingar frå barnekvardagen. Fellesnemnaren er mangel på tilsette og bodskapet rimar bekymringsfullt godt med statistikken:

  • Barnehagesektoren har ein gjennomsnittleg sjukefråværsprosent på 9 prosent (dei siste to åra), ifølge Nav. Resten av yrka i landet hadde ein fråværsprosent på 5.

  • Talet på førstevalssøkjarar til barnehagelærarutdanninga er nær halvert frå 2019 til 2023.

  • Ein SSB-rapport frå 2022 avslører at kvar tredje barnehagelærar under 55 år hadde valt å forlate barnehagesektoren i løpet av dei siste ti åra.

  • SSB har rekna seg fram til at vi vil mangle 13 000 barnehagelærarar i 2030.

Oppsummert: for altfor mange av våre barn sine nærmaste omsorgspersonar er det ikkje greitt å jobbe i barnehagen lenger.

Det er skremmande, men nødvendig, at barnehagelærarar, assistentar og styrarar held fram med å dele usminka versjonar frå kvardagen saman med mitt og ditt barn. Det er på tide å ta dei tilsette på alvor, at vi koplar statistikk og forteljing, og svarer med tiltak. Til sjuande og sist må politikarane på Stortinget vakne og endre bemanningsnorma. I mellomtida set vi vår lit til ei lokalpolitisk oppvakning.

Inspirasjonen er lett tilgjengeleg for lokalpolitikarane som ønsker å styrke bemanninga:

  • Årdal kommune aukar grunnbemanninga med tre tilsette i sine seks barnehagar denne hausten.

  • Trondheim kommune tilførte elleve barnehagar ein ekstra tilsett – sjukefråværet gjekk ned hos heile staben, i periodar opptil 2,5 prosentpoeng lågare enn snittet i andre barnehagar i kommunen.

  • Fire Sandnes-barnehagar sette denne våren inn vikar i plantida til pedagogane for å oppretthalde bemanningsnorma medan plantida blei gjennomført. Resultatet er lågare sjukefråvær, mindre stress og auka trivsel hos både assistentar og pedagogkollegaer.

  • Tre barnehagar i Tønsberg har hatt to ekstra tilsette – ein fagarbeidar og ein pedagog – i eit prøveprosjekt i eitt år. Prosjektet er så vellykka at politikarane har bestemt å forlenge det.

Vår stemme går til politikarar som tek grep og betrar kvardagen i barnehagen. Kjære politikarar; invester i dei yngste - få betalt her og no, og i framtida. Snu den negative trenden og la dei nye forteljingane frå barnehage-Noreg bli dei gode opplevingane dei tilsette opplever med barna våre. Make barnehagen greit igjen!