Det ville vere den fullstendige galskap av meg å ikkje slå opp på Time-ekspressen og sjå om det var ein buss eg kunne ta. Og det var det. Eg trilla med sykkelen ned til Molde ferjekai og avgang 09.50 og var på Moa kl. 11.25. Fekk til og med lest sakspapira ein gong til og hatt eit møte før møtet.

Eg tapte nok ein 500-lapp i køyregodtgjersle, men sparte bilen og miljøet.

Det er dette vi treng meir av. Kollektivtrafikk som går når du treng det, kan jobbe og ete om bord og komme utkvilt fram.

Men kva ville son min gjort eller sagt om eg hadde svart: Nei, eg treng ikkje bilen eg tek ferja og bussen?