Mest overraska vart eg av artikkelen der Statens vegvesen hadde, nesten på eiga hand, hadde funne ut at stort sett alle køyrer for fort gjennom Sjøholt sentrum. Ikkje berre litt for fort, dei hadde målt 110km/t i 50 sona.

Eg trur ikkje det var mange ørskogbygdarar som vart forundra over desse opplysningane, alle veit det. Ørskog kommune har i minst 30–40 år prøvd å fortelje dette til Statens vegvesen alle formannskapa, og ikkje minst alle ordførarane, har trygla Statens vegvesenom å få sett opp ei eller fleire fotoboksar på Sjøholt. Svaret har heile tida vore nei, der har vore for få dødsulykker.

At trafikken, og ikkje minst farta på bilane, har ført til ulevelege tilhøve for innbyggarane og lokaltrafikken tel visst ikkje for dei på vegkontoret.

Kvifor køyrer dei fleste bilane for fort? Ein av grunnane er at Statens vegvesen legg til rette for det med fartsskiltinga si! Korfor skal 50 sona opphevast med 60-skilt i sentrumsområdet? Var det ikkje meir naturleg slik som Ørskog kommune bad om, å la 50-sona vare til aust om Steinholtskiftet? Slik det no er så ser bilistane, og ikkje minst trailerførarane, skiltet medan dei er i sentrum og set opp farta. Dei som kjem frå aust køyrer i 60-sone til dei er mest i sentrum og rekk knapt å bremse ned farta før dei er på flata i sentrum.

Det ville vel vere naturleg at ei vanskeleg kryss som Steinholtskiftet låg i 50-sona?

Ut frå det eg les i avisa har Statens vegvesen blitt så uroa av det dei no har funne ut om farta i Sjøholt sentrum at dei næraste åra skal vurdere om det kanskje skal gjerast noko med saka!

Ja, ja! Eg minnest så mangt når det gjeld Statens vegvesen og trafikken gjennom Sjøholt. Det har vore ein endelaus kamp mot «vindmøller» i tiår for å få fotgjengarundergangane. For å få ta i bruk den nye brannstasjonen måtte ein fjerne glidekanten mellom europavegen og gangvegen. Det er 70 cm mellom gangvegen og E39/E136! Kunne nemnt meir.

Kven er det som reiser motsegn til eit kvart planforslag Ørskog prøver seg med? Kven er det som ved juridiske spissfindigheiter greidde å stoppe kommunelegen i Ørskog sitt pålegg etter helselovene om reduksjon til 40 km/t gjennom sentrum?

Var det kanskje på tide at Statens vegvesen sluttar å motsetje seg eit kvart innspel frå lokalsamfunnet og utan fleire dikkedarer godkjenne planen for Sjøholt sentrum. Bruk heller kreftene til å skaffe naudsynt finansiering av dei relativt enkle tiltaka som krevst for å gjere denne vakre bygda vår leveleg trafikkmessig.

Og så krev eg at Ålesund kommune også tek tak i denne saka slik Ørskog kommune prøvde på. Eg har inntrykk av at Statens vegvesen har sloppe lett frå trafikkproblema for lokalsamfunnet Sjøholt etter at Ålesund overtok regien.