Det er mange usikre faktorar og dermed stor risiko. Økonomien i prosjektet kan såleis stå i fare for å gå i minus. Å få oversikt over dette snarast råd, er viktig for Sula kommune for at kommunen skal kunne vurdere om planane er liv laga. I tillegg skal sjølvsagt alle andre sider ved ei stor sak som dette grundig vurderast, om Sula kommune skulle konkludere med at det kan setjast i gang områderegulering.

For dei mange som har hus som blir liggande nær gondolbana frå Langevåg sentrum til foten av fjellet, har verditapet alt meldt seg etter at planane vart framlagde i ei orientering til Sula kommunestyre i desember f.å.

Ved ei utbygging vil mange private eigedomar måtte innløysast. I og nær traséen ligg også eigedomar med viktige samfunnsfunksjonar, m.a. bustader for utviklingshemma. Dersom dei private eigarane ikkje vil godta frivillig innløysing, t.d. fordi prisen er for låg til at eigarane kan skaffe seg alternative eigedomar andre stader, vil kommunen måtte ta stilling til om eigedomane skal tvangsinnløysast til fordel for investor.

Å tvangsinnløyse eigedomar, spesielt til fordel for private interesser, sit langt inne ikkje berre for politikarane i Sula, men generelt i heile landet. Og slik skal det vere. Det skal vere sterke grunnar for at politikarane skal kunne tvinge folk frå gard og grunn. Den private eigedomsretten står så sterkt at han er nedfelt i grunnlova. Dei politiske partia i landet kappast om å forsvare denne retten i strevet etter å vere partiet folk flest skal velje.

I eit demokrati er staten og kommunen til for folket. Målet for all politikk er å gjere folket til lags, slik at vi alle kan leve gode liv. I saka om gondolbane er det ikkje tvil om at dei som blir liggande i eller nær traséen for gondolen, blir skadelidande, økonomisk og på andre måtar. Politikarane i Sula bør alt no gjere seg opp ei meining om dei vil utsetje dei aktuelle borgarane sine for tvangsinnløysing, kanskje til underpris fordi gondolplanane har redusert prisnivået.

Langevåg er i dag eit attraktivt buområde. Verknadene kan også bli negative for andre delar av Langevåg, sjølv om det er vanskelegare å ha ei sikker meining om dette på førehand. Men totalt sett kan verknaden bli negativ for heile Langevågs-samfunnet både trivselsmessig og økonomisk, og dermed også økonomisk for kommunen. Dette er spørsmål som må grundig vurderast, om ikkje før, så i ei konsekvensutgreiing i samsvar med krava i plan- og bygningslova.

Sula kommune har ein visjon – ein draum, eit overordna mål, som kommunen saman med folket skal strekkje seg etter: Sula skal vere ein leiande kultur- og friluftskommune med aktive innbyggarar som opplever identitet og samkjensle. Det kan vurderast om gondolsaka vil medverke til å nå visjonen for Sula kommune.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!