Vi er kjend med at dei høyrselshemma mellom oss ikkje lenger har same utbytte av å følgje distriktssendingane etter at tekstinga fall bort. Dei går difor glipp av mange av sendingane dei gjerne vil få med seg, sidan det ofte er ordforståinga som er problemet.

Mange av desse er eldre personar, og desse er til vanleg dei som ser mest på «vanlege» TV-sendingar, men også mange yngre har nedsett høyrsel og dei har same problemet.

Vi kjenner til at det er eit godt tilbod av teksting både på NRK 1 og 2, og det skulle vel ikkje vere dei store problema med at også distriktssendingane kunne ha dette tilbodet.

Pensjonistforbundet Møre og Romsdal ser fram til at NRK innfører teksting av distriktssendingane sine igjen.