I kjølevatnet av den ganske altoppslukande skulestrukturdebatten i kommunen vår, kjem no ein debatt om kommunestyret skal vere einig i at Møre skal få starte kristen ungdomsskule i Giske kommune. Uansett kva kommunestyret får fleirtal for, så er det staten som bestemmer til sjuande og sist. Utdanningsdirektoratet har lagt ved eit skriv i saka der dei gjer reie for kva som kan vere med på tippe vektskåla. Om kommunen i den siste tida har vore under ROBEK, eller har hatt store investeringar i skule, så kan dette ha ei betydning for avgjersla. I tillegg er det av betydning om dette har budsjettmessige konsekvensar.

Nokon som gjerne vil ha denne friskulen vil påstå at dette ikkje har økonomiske konsekvensar for Giske kommune. Det er vi ueinige i. No når vi berre har ein ungdomsskule i kommunen, så har vi god oversikt over elevtalet i mange år framover. Ja, nokre vil kanskje gå på skule i ei nabokommune, eller velje ein friskule i ei anna kommune, men slike variablar har vi hatt i mange år. Når vi veit elevtalet for dei komande åra, kan vi planlegge kva areal som trengst, og planlegge lærarkabalen. Ved etablering av ein friskule i kommunen må vi legge budsjett for året før året startar. Utan å vite elevtalet på ungdomsskulen. Det får ein ikkje vite før i mars/april, då friskulen har søknadsfrist i mars. Ein har då frå mars/april til august til å planlegge areal, tilsette eller seie opp lærarar. Og slik må vi halde på kvart einaste år.

Kva vil det gjere med personalet? Vi meiner at dette vil å få så store økonomiske konsekvensar for kommunen, at det vil svekke skuletilbodet i den offentlege skulen. Stordriftsfordelen som skulle vere så bra, blir då heilt vekke. Snakkar vi då likeverdig tilbod for alle skulebarn i kommunen? Det som var så viktig i førre skulestrukturdebatt? Nei så absolutt ikkje. No er kommunen endeleg på rett veg. Vi skal oppfylle lærarnorma og symjeundervisninga er endeleg på veg inn igjen. No må vi sitje stille i båten og ikkje uroe skulane meir på ei stund.

Når ein nemner likeverdig tilbod og den førre skulestrukturdebatten, så var det blant vår motpart i saka (dei som stemte for å legge ned Godøy ungdomsskule) sagt både i media og på talarstolen i kommunestyresalen at det var veldig viktig å få ein ungdomsskule i kommunen no for å samle ungdommen. Fleirtalet bikka deira veg, og vi samla ungdommen i august i fjor. Altså for berre åtte månadar sidan. No står nokre av dei same politikarane fram og vil opne ein ny ungdomsskule i kommunen. Då var det ikkje så viktig å samle ungdommen likevel? Likeverdig tilbod og stordriftsfordel ikkje ei sak lenger?

Ein annan konsekvens her er likebehandling frå andre skuleaktørar. Kva om nokon vil starte privat barneskule? Ein kan ikkje seie ja til den eine, og nei til den andre. Vi hadde håpt at Godøy skule skulle bestå. Av veldig mange grunnar, blant anna for å ha eit alternativ i kommunen. Ein kristen friskule vil ikkje vere eit reelt alternativ for alle. Når det ikkje gjekk vår veg i den saka, så brettar vi opp ermane og gjer alt vi kan for å få nye Giske ungdomsskule så bra som råd er.

Skulen har særs mange dyktige lærarar som har jobba hardt for at skulen skal kome på beina og for at ungdommane våre skal ha nokre gode år på ungdomstrinnet. Samla. 10. trinn på skulen hadde før påske fem framvisingar av musikalen Løvenes Konge. Ei framifrå fantastisk oppsetting. Vi har høyrt at fleire av elevane frå fleire av øyane har konkludert med at dette var veldig kjekt, og at dette skulle dei gjort i starten av skuleåret. Dei har blitt kjend med mange fleire og nye venskap har blitt knytt. Og det var vel poenget med å ha ein ungdomsskule i vår vesle, øyrike kommune?