Dei fleste timane på skulen vart avslutta med at læraren ofte skreiv på tavla: Lekse til i morgon er nr. 15–20 i oppgåveboka–eller frå side 22–25 i landkunna. Leksene måtte gjerast i heimen før alt anna, leik og moro måtte vente. Læraren har sagt, mor eller far passa på og skuleeleven måtte pent gjere oppgåvene. Slik har det vore i norsk skule i alle dei år–kanskje også i dag. Eg har sjølv vore elev eller lærar i samla om lag 60 år. Lekser har eg gjort og lekser har eg gitt, og lekser har eg kontrollert. Lekser har vore ein viktig del av skuledagen og fritida for elevane. Eg vil stå fram her som ein tilhengar av at lekser vert ståande som ein grunnpilar i norsk skule.

I desse dagar vedtek Stortinget ei ny opplæringslov. Denne inneheld alle sider ved skuleverket vårt. Nytt denne gongen er at det skal lovfestast at læraren kan pålegge elevane lekser. Greitt tenkjer eg, dette har då læraren gjort utan lovfesting så langt. Eg les vidare. Her står i klartekst frå fleirtalet i Stortinget at også kommune eller fylke skal ha slik mynde. Dette vert teke inn i lova for at til dømes eit kommunestyre kan vedta leksefri skule i sin kommune. Dette er slik eg ser det å gje andre enn læraren rett til å nytte seg av lekser som eit hjelpemiddel i opplæringa av elevane. Eg vil kalle det detaljstyring av metodane i skulen.

Lekser er i dag ikkje lenger noko alle applauderer. Den einskilde lærar må nytte sin pedagogiske teft og bruke lekser på pedagogisk rett måte tilpassa den einskilde elev i klassen. Å løfte spørsmålet om ja eller nei til lekser ut frå skulen og inn i kommunestyresalen er bak mål Eg minnest ei setning uttalt av dei som i dag styrer i landet vårt: «Vi vil redusere den politiske innblandinga i avgjerder som må aksepterast som faglege,» Ei setning henta frå det som vart kalla tillitsreforma der politisk detaljstyring i faglege spørsmål vedtekne på kommunalt nivå var sett på som fy, fy.

Flisespikkeri vil vel enkelte kalle dette innlegget. Det må eg akseptere – mi tru på lekser og tillit til læraren er framleis like sterk. Difor–lekser også i framtida–utan politisk innblanding. No er det snart sommarferie–og leksefri!