Tidlegare i år kom det fram at Høgre i budsjettforslag i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, ville kutte 400–500 millionar i eldreomsorg ved å overlate drifta til kommersielle aktørar. I Ålesund har både Håkon Lykkebø Strand Frp og Monica Molvær Høgre lovt at om dei vinn kommunevalet så skal befolkninga få valfridom til å bruke private tilbod.

Når dei pratar synest mange det verkar smart, valfridom for folket og pengar spart for kommunen. Men dette er luftig retorikk og ein praksis dei ikkje lykkast med sist dei styrte i 2013-2014. Vi hugsar at Orange helse gav opp fordi dei ikkje fekk drifta lønnsam.

Den einaste måten å drive eldreomsorga billigare på er å kutte i lønn og pensjon. 80 prosent av kostnadene på ein sjukeheim er knytt til lønn og pensjon. I tillegg skal det private firmaet ha si forteneste på 10-15 prosent.

Høgre sin leiar i Helsekomiteen Tone Trøen, opplyste nyleg at lønn og pensjon var like god for tilsette i private omsorgsbedrifter som i stat og kommune, men måtte like etterpå i Dagsnytt 18, innrømme at ytinga låg om lag 9 prosent under. Da Oslo kommune tok tilbake drifta av dei konkurranseutsette sjukeheimane gjekk mange tilsette opp 40–90000 per år.

Det er også stor forskjell på utbetaling av pensjon ved privat og offentleg drift. Pensjonar til tilsette i private firma blir utbetalt i 10 år, tilsette i kommunar, stat og helseføretak livslangt.

Erna Solberg prøver å rette opp inntrykket ved å seie at kommunane sjølv kan bestemme at tilsette ved privatisering skal ha same rettar som ved kommunal drift, men lesaren ser at dette blir eit reknestykke som ikkje går i hop.

Eit fasinerande argument for privatisering av kommunale helsetenester, er ifølge Monica Molvær også at private drivarar er så mykje meir innovative enn kommunane. Dette er eit luftig argument som ikkje har grunnlag i fakta.

Frp og Høgre sin prat om å privatisere drift innafor helse og omsorg er eit forsøk på myteskaping, men ut frå det vi veit av fakta, så er dette heller ei liberalkonservativ vrangførestilling.