For berre nokre veker sidan såg vi i avisa at det var løyvde millionbeløp for å legge ut nokre treplankar ved nokre gater, såkalla byrom, som folk kunne sette seg på og samtale litt. No er plankane tatt vekk og auksjonert bort av tidlegare ordførar, for ein slikk og ingenting.

Dei som har vore i styringsposisjon i Ålesund kommune siste periode ser ut til å få rekord i å gjere det veldig mykje dyrare å leve i denne byen. Bompengar, store avgiftsøkninger, eigedomsskatt og kanskje ei kjempeavgift for nytt reinseanlegg, og ny reserve drikkevatns-anlegg i millionklassen i Fremmerholen.

I tillegg kjem skyhøge straumprisar som ser ut til å vere umoglege å styre. Bankane har sett opp rentene, så avdrag og renter har fordobla seg på få månader.

Arbeidarpartiet, KRF og Senterpartiet, som skulle vere partia som skulle gjere det mykje lettare økonomisk for folk flest, har gått føre for å gjere det stikk motsette. Dei har sett i gang prosessar som gjer at mange tusen menneske og familiar får store problem med å klare seg økonomisk.

Hadde millionane som styringspartia løyvde til dei ganglause trestokkane som var utlagt i gatene blitt brukt til å investere i ein «suppebil» til, så kunne suppe-Kalle få avlastning halve veka til å forsyne mange fleire naudlidande byens bebuarar med fleire måltid med mat.

Kommunen løyver massevis av pengar til meir eller mindre viktige oppgåver og prosjekt, men nå og i fortsettelsen blir det mykje viktigare å prioritere folket som bor her, så det ikkje utviklar seg til «slumområde». Styringsgruppa for Sørsida-utbygginga er også noko som kan skrinleggast.

Kommunestyret kan vedta kva som kan byggjast på Sørsida, så kan private lage ein utbyggingsplan, som så må tilbake til kommunen for godkjenning. Å ha ei styringsgruppe til dette i årevis blir frykteleg dyrt. All utbygging i Ålesund bør komme i Spjelkavik – Emblemsområdet. Ei ulykke eller kollaps i Nørvesundsområdet på vegane der, vil lamme heile det gamle byområdet.

Det nye bystyret må utsette de fleste nye utbyggingsplanar, få nedbetalt den store gjelda, og prioritere folk flest, slik at byen igjen kan bli et hyggeleg stad å vere for den jamne mann og kvinne og barn og ungdom.