I september handsama kommunestyret i Sula eit forslag om å få undersøkt om nye reinseteknikkar kan takast i bruk for å bygge kloakkreinseanlegg som alternativ til det store felles reinseanlegget som er planlagd på Kvasnes.

Å få ei slik utgreiing vart vedtatt bortimot enstemmig i Sula kommunestyre, og det vart følgt opp i formannskapet i Ålesund. Bakgrunnen er at det planlagde Kvasnes-anlegget ser ut til å bli så dyrt at det blir økonomisk uforsvarleg å bygge det.

Basert på teknikkar som er tatt i bruk av firma Renasys og Hellesnes ser ein at det kanskje kan vere betre å få oppgradert eksisterande anlegg med ny teknikk, eller å bygge nokre små, billige anlegg i staden for det enorme Kvasnes-anlegget.

Det er no kome eit notat frå Asplan Viak, som har utgreid dette spørsmålet. Det vil seie, dei har ikkje utgreidd det allikevel.

Asplan Viak skriv nemlig i sitt notat om saka at dei har fått i oppdrag å «innhente informasjon om alternativ renseteknologi for Kvasnes renseanlegg.» Vidare skriv dei at  dei «vurderer mulighetene for å ta i bruk denne renseteknologien på Kvasnes renseanlegg.»

I kapitel 4 i notatet er dei igjen inne på mulighetene for å «benytte teknologien på Kvasnes renseanlegg.»

Men det var vel ikkje dette kommunestyret i Sula hadde bedt om å få utgreid? Har ikkje  Asplan Viak forstått kva dei skulle greie ut? Eller har nokon bede dei om å greie ut noko anna enn det kommunestyret vedtok?