Det har vore så mykje snakk om «master» den siste tida at eg har sett meg ned i ein krok og fundert på kva dette er.

Er det når vi er ein «mester» til å finne stoff om eit emne på nettet og så samlar dette ved hjelp av bevegelsar med musa? Enkelte gonger kan det virke slik, men samtidig veit eg at dei fleste som leverer ei masteroppgåve, verkeleg har arbeidd med emnet i lang tid og gjort arbeidet slik det skal gjerast og bør gjerast.

I gamle dagar vart vi innprenta at dette var verkeleg noko stort og alvorleg. Det skulle vere eit sjølvstendig arbeid med solid forankring i eiga forsking og av ein viss størrelse. Det skulle vere eit arbeid som kanskje tok om lag eit år å fullføre. Og vi fekk beskjed om at når dette var levert, var vi truleg dei i landet som visste mest om det emnet.

Å gje opp kjelder var sjølvsagt og vart sagt så tydeleg at ingen kunne misforstå det. At funksjonen «klipp og lim» den gang var meir arbeidskrevjande enn no, var kanskje med på å gjere det heilt uaktuelt. Men uansett hadde vi så stor respekt for arbeidet vi skulle levere, at knapt nokon tenkte på det i det heile tatt. Respekten for arbeidet, oss sjølve og familien gjorde at det aldri var aktuelt med slike ting.

Så til poenget: Mitt inntrykk er at våre fremste politikarar i dag ser på det å kunne legge inn tittelen på ei «masteroppgåve» i sin CV, så viktig at dei tyr til lettvinte måtar å få det til på. Men eg vil ikkje legge skylda berre på dei. Dei har valt å freiste å få ein status som dei knapt er verdt! Nettopp fordi vi har fått slike folk, er dei som skal godkjenne desse oppgåvene viktige personar og som burde tatt oppgåva si meir alvorleg. At universiteta godkjenner slike lettvinte løysingar, er ei skam.

Det viser seg også at dei forskjellige universiteta har praktisert vurderinga av oppgåver veldig forskjellig. Med dei reiskap som i dag finst til kontroll, og som delvis har vore der dei siste 20 åra, burde det vere ei enkel sak å stoppa mykje av det som i dag vert servert oss som «masteroppgåver»

Ei anna sak er at der er at der også finst politikarar som får lønn i 15 månader etter at dei slutta. Denne lønna er 66 prosent av stortingslønn, og skal vere ei hjelp til dei klarer å få seg anna arbeid. Mange av oss andre kunne nok også sett pris på ei slik ordning! «Formålet med ordninga er å legge til rette for at representantane fullt ut skal kunne konsentrere seg om å utøve vervet helt til de forlèt Stortinget, og samtidig givast en føreseieleg og trygg overgang til et vanlig yrkesliv.»

Men når dei så denne tida skriv ei bok på 270 sider og ei «masteroppgåve», kan ein lure på om det vart tid til å leite etter anna arbeid! At ein også, slik som Trond Giske gjorde, bestemmer seg for å nekte å offentleggjere oppgåva si, gir meg ikkje akkurat følelsen av at han er stolt over arbeidet sitt.

Nei, la ein «master» verkeleg vere ein master. La dei andre få namnet «sleip luring», det fortener dei! Eit fyrtårn viser vegen til sjøs, det burde nok mange hatt på land også!