Jenter med innvandrarbakgrunn har i årevis vore utsett for det vi paradoksalt nok kallar «æresvald» utan at offentleg instansar eller politikarar har våga å ta tak i det. Brennpunktdokumentaren «Nora» viser til dømes at barnevernet ikkje greip inn, trass at dei sat på dokumentasjon om både fysisk og psykisk mishandling.

Politikarar, offentlege instansar, jamvel «folk flest», har «berøringsangst», redsle for å bli stempla som rasistar eller islamofobe om dei kritiserer ikkje-vestlege kulturar, sjølv om mange jenter lid under vald og tvang nettopp der.

NRK meldte om 1137 saker om æresrelatert vald i fjor, topp fem hadde bakgrunn frå Syria, Irak, Pakistan, Somalia og Afghanistan – muslimske land.

Kven er det som betalar prisen for at politikarar, barnevernet, helsevesenet, utdanningsinstitusjonane, ja, dei aller fleste av oss, ikkje vågar å kritiserer foreldra sin (u-) kultur? Jau, det er jenter som blir tvangsgifta, strengt kontrollerte, mishandla og hersa med, medan samfunnet er passiv og definerer det som kultur.

Skal alle kulturelle og religiøse skilnader aksepterast i Noreg? Eller skal menneskerettane gjelde, dei som seier at alle skal handsamast likt, ha same likskap for lova og same rettar? Dersom vi seier ja til menneskerettane, må vel det innebere at ei jente med somaliske foreldre, og ei med sunnmørske foreldre, skal ha same fridomen til å velje sitt eige liv?

Politikarane gøymer seg bak handlingsplanar og rapportar, men har i alle år vore døve for varslarane. Har dei ikkje lese Amal Aden, Ayaan Hirsi Ali, Hege Storhaug eller Siv Jensen?

Er det «feil» varslarar?

I det siste har diskusjonen kring æresval blussa opp att, blant anna takka vere bøkene til Abid og Abida Raja. I mellomtida lid mange redde, norske jenter fordi vi ikkje tør «stille ubehagelege spørsmål knytt til emne som sex, vald, pengar og religion», som Ayaan Hirsi Ali skriv.