Eit kvart forslag til endring vil difor gjerne kjennast framand og fører til kokande kommentarfelt – nettopp fordi du bryr deg om staden din. Dette ser vi skjer på Sørsida, byromma frå torget til Sankten og på Dronning Sonjas plass.

Venstre har stadig etterlyst korleis vi kan verte flinkare til å løfte og synleggjere det samansette nettverket av stemmer, behov, draumar og ønskjer som ein del av prosessen og før avgjerdene vert tekne. Korleis kan vi forme eller endre våre omgjevnader saman?

Venstre meiner nøkkelen ligg i at vi må senke terskelen for at alle kan delta og finne gode arbeidsmåtar der vi møter folket der dei er. Korleis vil du spele rolla som medborgar? Vil du vere aktiv eller passiv? Ser vi mest på her og no eller tenker vi generasjonsperspektiv?

Vi treng at ålesundarane vert stimulerte til å reflektere over dei prosessane som skaper byen over tid, og korleis alle sjølv kan bidra. Medverknad er ein viktig og prinsipiell del av ei berekraftig samfunnsutvikling, både den fysiske, den miljømessige og ikkje minst den sosiale.

Men den medverknadsprosessen vi kjenner best til i det offentlege kan vere både uforståeleg og utilgjengeleg for mange. Så det store demokratispørsmålet må vere kva premissar styrer kven som skal få delta i prosessen og korleis skal dei få medverke?

Gjennom realisering av sørsida og kulturhamna vil store og viktige område i bysentrum bli definert for komande generasjonar. Ålesund kommune er på rett veg med byromsprosjektet. Her skal kunst og medverknad møtast for sjekke ut draumar, ønskjer og moglegheiter for eit meir inkluderande og tilgjengeleg uterom.

Byutvikling er krevjande og det krev at mange aktørar samarbeider mot felles mål. Men historia syner at byen meistrar slike løft. Sjå berre på Skansekaia, parkeringsanlegget i Aksla og Bybadet.

Tida vi lever i kan definerast som «Einsemd og kontaktlaus tidsalder». Som motkraft til dette treng vi å bygge ned sosiale barrierer og satsar meir på å skape offentlege areanaer der folk møtest, relasjonar kan oppstå og utviklast- også relasjonar til folk som er annleis enn deg sjølv. Integrering og inkludering i fellesskapen krev samhandling. Vi må skape ein felles grunn.

Å forme ein ny bydel, eller fornye innimellom eksisterande bymiljø krev omtanke, nye idear og respekt for historia. Formuttrykk og materialval skal kommunisere med bygga rundt. Difor er det bra at Ålesund kommune er med i ReValue-prosjektet saman med åtte andre europeiske hamnebyar. Gjennom dette prosjektet hentar vi inspirasjon og kunnskap om korleis vi kan bruke om att gamle bygg og tilpasse dei til ny bruk og nye behov.

Venstre vil ha reell medverknad og har tru på at kunstnariske verkemiddel kan få fram fleire perspektiv og få fleire stemmer i tale.