Denne skatten er usosial, ettersom den ikkje tek omsyn til den enkelt si inntekt, gjeld eller evne til å betale. Skatten rammar blindt, og egnar seg ikkje til å utgjevne forskjellar. Den rammar vanlege folk og familiar, og særleg dei som slit med auka renter og prisauke. Særleg er minstepensjonistar utsett.

Alle forstår at ein må betale skatt. Det er derimot viktig at ein skatt blir oppfatta som rettferdig og fornuftig. Eigedomsskatten er ikkje slik.

Eigedomen som du eig og bur i er ikkje eit luksusgode, men din heim. Når ein gjennom store delar av livet nedbetalar bustadlån bør ein føle seg trygg på å kunne behalde heimen sin når ein blir eldre. Ein minstepensjonist kan risikere å måtte selje heimen sin, på grunn av innkrevjing av formuesskatt og eigedomsskatt. Dette blir feil når det er viktig for kvar ein av oss å kunne eige sin heim.

For næringslivet er eigedomsskatten ein ekstra økonomisk belastning. Under Støre-regjeringa har det vore ei sterk auke av skattar og avgifter, så mykje at kapitaleigarane flyktar til utlandet. Fundamentet for vår velstand er eit privat næringsliv som er lønnsamt. Dette gir løn til tilsette, og skatteinntekter til staten. Summen av dette er samla i ordet «Verdiskaping». Konservativt vil styrke nasjonens verdiskaping.

Eigedomsskatten kan fjernast ved at kommunen prioriterer annleis. Dette handlar om politisk vilje. Konservativt ønsker å fjerne eigedomsskatten.