Det er no på høg tid at det blir oppretta ei rettferdig verdsordning før det bryt ut ein altøydeleggande krig. Det er lite hjelp i gode klimatiltak viss ein ikkje får til ordningar som hindrar storkrigar.

Dobbeltmoralen til dei vestlege landa har sjeldan blitt så tydeleg avslørt som i dei to brutale angrepskrigane som er på gang no.

Då Russland invaderte Ukraina var dei vestlege landa raske til å stenge Russland ute frå handels- og idrettsaktivitetar, og våpendonasjonane har vore enorme.

Når Israel starta ein minst like brutal krig mot befolkninga på Gaza, som foreløpig har drepe om lag 30.000 menneske, samt øydelagt store delar av bygningsmassane på denne vesle kyststripa, er svaret frå vesten ingen boikott eller reduserte våpenleveransar.

Det ser ut til at alle partia på Stortinget er einige om at den beste måten til å oppnå fred og tryggleik er meir opprusting og fleire amerikanske basar på norsk jord. Russland blir oppgitt som hovudgrunn til behovet for opprustinga.

Russland har i dag store problem med å behalde ein liten del av nabolandet Ukraina, og det er ingen grunn til å tru at dei har ressursar og evner til å angripe Nato-land. Derimot trengst det truleg opprusting dersom vi vil vere med på ein framtidig krig som USA bur seg på mot Kina.

I staden for å dilte etter USA sin politikk burde den norske regjeringa jobbe for varige rettferdige løysingar som kan hindre nye konfliktar.

Det trengst heilt klart eit internasjonalt rettsvesen som kan hindre at den sterkaste parten tyranniserer dei som er svakare.

I dagens situasjon trur eg ikkje det finst ei anna løysing for å skape eit system for varig fred og konfliktløysing enn å opprette eit «Verdspoliti» underlagt FN.

Dette må organiserast slik at det oppnår legitimitet.

Dette politiet med tilhøyrande domstolar (for eksempel krigsforbrytardomstolen i Haag) kan opptre på same måte mellom nasjonane som eit velfungerande politi opptrer i ein vanleg rettsstat (som i Norge) i dag.

Alle medlemsland må då etter kvart legge ned det nasjonale forsvaret sitt og overføre det til ein politistyrke som rykker ut mot invasjonar og eventuelt innanlandske overgrep mot befolkninga.

Dei som meiner at eit slikt system er uaktuelt, må vel også meine at politi og domstolar burde avskaffast i Norge også, slik at den sterkaste sin rett fekk råde her også.

Det er i prinsippet ikkje stor skilnad på om det er i heimen, innan ein by, eit land, ein verdsdel eller i heile verda at ein har politi og rettsvesen som har maktmidlar til å hindre overgrep.