For om lag 14 år sidan var eg på eit møte i Ålesund som Fiskarlaget arrangerte. Saka dreia seg om garnforbodet i gytetida i Aspevågen/Borgundfjorden. Eg hugsar ikkje kven som var ordstyrar på møtet, men der var til stades ein frå Havforskingsinstituttet som hadde torsk som spesialfag. Det var seniorforskar Kjell Nedreås.

Mange fiskarar hadde møtt opp. Salen var stappfull. Til stades var også reporter Arild Riise frå TV2. Det var tydeleg at saka engasjerte. Mange fiskarar tok ordet. Fleire var sinte på forbodet som dei meinte var planlagt. Forskaren fekk gjennomgå.

Heilt på tampen av møtet lurte eg på om eg skulle våge å ta ordet. Eg følte meg som ei einsleg svale blant dei andre fiskarane. Men så tok eg likevel ordet til slutt. Eg var samd med forskaren om at kysttorskestamma ikkje var på same nivå som før.

Min agenda var ikkje berre garnforbodet på gyteplassane til torsken, men også djupna på garna. Dei kunne vere over 200 maska djupe (over 20 meter), og sto ofte midt i gytefelta. Det meinte eg var galskap. Det var ikkje avgrensingar på garndjupna på den tid. Fiskarane kunne ha så djupe garn som dei berre ville.

Viss vi går nokre tiår tilbake i tid, var det like tett med båtar og garnlenker som ein såg på dette biletet i Sunnmørsposten den 10. mars i år (I spalta «For noen tiår siden», red. anm.). Forskjellen er at den gongen var garna berre om lag 35 maska djupe (3,5 meter). Dessutan var garna laga av enten hamp eller nylontråd så torsken kunne stå trygt og gyte over garna.

Eg var sjølv med på torskefiske med garn i Borgundfjorden nokre veker tidleg på 1950-talet. Seinare på 80- og 90-talet var eg periodevis med på torskefiske i Heissafjorden, så eg var ikkje betre enn andre fiskarar. Eg brukte 120 maska djupe garn.

Men eg meinte det då og eg meiner det no at det ikkje burde vere tillate med garn over 80 maska når ein fiskar etter torsk i gytetida. Eg meiner også at alt liv i havet må forvaltast etter erfaring og kunnskap og ikkje etter kva som gir kortsiktig forteneste.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!