Trond Haraldsen ved NIBIO fortalde til NRK, at markane truleg har klatra i tre, og er blitt førde av kraftige vindkast og snøvér opp til høgare terreng.

Det har regna sneglar, froskar og fiskar. I 1870 regna det sneglar i Chester, Pennsylvania. I 1877 fall det små ormar eller makkar i Christiania. Den 22. februar 1861 regna det fisk i Singapore.

I 1973 regna det om lag 10.000 froskar i det franske området Bugnoles. I 1892 regna det padder også andre stader i Frankrike. I juni 2009 regna det over hundre padder i Japan. Telegraph.co.uk opplyste at det også var padderegn i dagane etterpå.

Den 30. desember i 2021 regna det fisk i Texarkana i Texas. Folk på Sri Lanka feira at om lag 50 kg med fisk fall ned frå skyene i 2014. I 2011 regna det froskar i Skottland under ein fotballkamp.

I 2013 landa mange levande edderkoppar «ovanfrå» på ein brasiliansk ungdom. Området Lajamanu vest for byen Katharine i Australia er milevis frå vatn. I 1974 og i 2004 skapte området overskrifter då regnvêr førde med seg levande kvite fiskar. Ei fotballbane måtte plukkast fri for fisk.

Lluvia de Peces i Honduras feirar Fiskeregnfestival. Byen Yoro i Honduras har hatt eit årleg fenomen i mai-juni gjennom det siste århundre. Etter 1998 har byen feira Fiskefestival. Fenomenet tek til med lyn, torden og kraftig nedbør. Etterpå ligg hundrevis av fiskar på bakken, og vert brukt til matlaging. National Geographic og The History Channel i USA utforska fenomenet på 70-talet, og fann at fiskane var blinde. Dette tyder på at fiskane må vere frå underjordiske tunnelar utan dagslys. Men, slike tunnelar er ikkje funne. Eit TV-team som dokumenterte fenomenet i 2006, fann heller inga løysing.

Ei religiøs historie fortel at fenomenet tok til etter at den spanske katolske presten Josè Manual Subirana besøkte området i 1856–1864. Han såg mykje fattigdom, og bad til Gud i tre dagar og tre netter om eit mirakel, som kunne hjelpe det utarma folket med mat.

Religiøse historier om liknande fenomen er også i bibelen og 2. Mosebok.

Gud straffa Farao og folket i landområdet hans i nokre dagar, med plutseleg store mengder av kravlande froskar, utanfor og inne i hus, kjellarar, matforråd, kjøkken, soverom, og endå til i sengene.