Som psykologspesialist i akuttpsykiatrien for barn og ungdom, samarbeider eg dagleg med tilsette i kommunane i heile fylket. Mi erfaring er at kommunane gir svært ulike tilbod til barn og ungdom som treng hjelp.

Då eg starta å jobbe på sjukehuset i Ålesund i 2014, hadde eg allereie jobba fire år i Haram kommune. Som nytilsett på sjukehuset var det alltid kjekt å fortelje at eg både budde og hadde arbeida i Haram tidlegare. Alle visst at Haram kommune stilte i ei eiga klasse i forhold til dei andre kommunane på Sunnmøre. Det handla om måten Haram organiserte tilbodet på, både innan oppvekst og helse. Det handla om tiltaka ein leverte. Og det handla om viljen til å tenke nytt, få til ting i lag, og samarbeide på tvers av tenestene. I alle åra fram til kommunesamanslåinga med Ålesund, opplevde eg og mine kollegaer gang på gang korleis dei tilsette i Haram kommune meistra oppgåvene dei fekk i samarbeidet med oss på sjukehuset, og jobben dei la ned etter at pasientane var ferdigbehandla av oss.

Mi erfaring er at kommunane gir svært ulike tilbod til barn og ungdom som treng hjelp

Haram kommune organiserte helsestasjon, pedagogisk – psykologisk teneste (PPT) og barnevern i ei felles teneste. Dette blei gjort for å sikre best mogleg samarbeid og samhandling. Haram innførte dette allereie i 2003. Ei slik organisering og eit slikt samarbeid er vi no lang unna i Ålesund kommune. No er alle tenestene delt opp, og samarbeidet for våre barn og unge sett snart 20 år tilbake i tid.

Haram jobba også godt med førebyggande arbeid. Førebygging handlar om kva tilbod ein leverer til alle barn og unge, uavhengig av om ein har utfordringar eller ei. Haram leverte tett oppfølging etter fødsel, med jordmor heim og helsesjukepleiar på besøk innan ei veke etter fødsel. Haram innførte tolærarsystem på alle skulane. Haram starta tidleg med foreldrerettleiings-program og skulevegrings-team, dei dreiv gruppe for barn og ungdommar med foreldre med rusproblem eller psykiske lidingar. Dei etablerte 4-års kontroll i barnehagen. Det vart satsa ekstra på tidleg innsats i Barnevernet for å unngå inngripande tiltak og store kriser for familiar i krevjande situasjonar. Lista er lang. Noko av dette finn ein også i Ålesund kommune, men ventetida for familiestøttande tiltak i den nye kommunen er milelang. Ein må sende brev og hamnar i ei papirmølle for å få hjelp. Før gjekk ein over gangen og snakka med ein kollega, og tilbydde familiane hjelp raskt.

I debatten som går no er det nokre som skriv og uttalar seg om Ålesund kommune som framtidsretta. Det skal vere så bra å vere mange og store. I samanhengen for barn og unge, og deira sine oppvekstvilkår imponerer ikkje Ålesund kommune. For meg synest det som det verken er pengar eller politisk vilje til å vidareføre eller vidareutvikle det som var bra i Haram på desse områda. Eg ønsker meg tilbake til Haram kommune, ein mellomstor kommune som prioriterte det som eg ser på som det viktigaste, nemleg barn og unge, vår felles framtid.

Godt val!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!