Det er mykje bra i forslaget til ny opplæringslov. Mykje kjenner vi att frå arbeidet Venstre og Guri Melby starta då ho var statsråd i førre regjering. Når det gjeld forslaget til opplæringskontora er det lov å rope eit kraftig varsku. Vi siterer frå forslaget:

«Opplæringskontora vil derfor ikkje få lærlingtilskot direkte frå fylkeskommunen, men godkjende lærebedrifter kan kjøpe ulike former for bistand og administrative tenester frå opplæringskontor, så lenge dette ikkje er i strid med lova. ( …) men snur pengestraumen slik at han først tilkjem lærebedriftene og deretter eventuelt opplæringskontora.»

Regjeringa vil med andre ord gjere om opplæringskontora til konsulentselskap.

Forsking viser at opplæringskontora fungerer. At, sjølv om det er store variasjonar, er det viktig å ha opplæringskontor som lærlingar og lærekandidatar kan høyre til. Skulle det bli problem i bedrifta, vil opplæringskontoret gå inn og finne løysing i bedrifta, finne ny lærebedrift eller gje lærlingen råd om ei ny utdanning. Ein kan gjerne setje større krav til opplæringskontor og kva dei skal levere. Til dømes har Nordfjord Opplæringskontor har vist at tett oppfylging både på jobb og i fritid er viktig for at lærlingen skal lukkast.

Opplæringskontora sit med mange års opparbeid fagkunnskap som gjer at lærlingar og lærekandidatar får lærekontraktar. Nordfjord er eit godt døme på kva som skjer når konkurransen mellom opplæringskontora blir sterkare. Tilbodet blir betre, vi får fleire lærebedrifter. I Nordfjord har det gått frå mangel på lærebedrifter til mangel på lærlingar.

Det som regjeringa no legg opp til vil fort føre til fleire avbrot, mindre vaksenopplæring i bedrift og færre tilbod for lærlingane på fritida. (Hugs når ein lærling på 18 år kjem inn i ei bedrift kan hen fort vere den einaste under 50 på arbeidsplassen).

Opplæringskontora er også viktige i samhandlinga mellom skule og næringsliv i rekrutteringsprosessen. Dette sikrar at flest mogleg får læreplass etter at dei er ferdige på vidaregåande.

Når no regjeringa vil snu pengestraumen, vil det vere vanskelegare for opplæringskontora å ruste seg for oppgåvene. Formidlinga av lærlingar vil bli vanskelegare og vi er redde resultatet blir mindre folk i opplæringskontora og langt fleire byråkratar som skal jobbe med dette på fylkeshuset. I dag nyttar 80 % av bedrifter og kommunar seg av eit opplæringskontor. Det i seg sjølv burde borge for at ein bør bygge vidare på eksisterande modell.

Så: Det er mykje som treng gjerast for å forbetre den praktiske utdanninga frå fyrste klasse på barneskulen til fagbrev er teke, men dette er ikkje vegen å gå!