Fleire bønder trengst viss vi skal sikre og helst auke matproduksjonen vår. Ho treng likevel ikkje laga ein motsetnad mellom det å dyrke meir grønt, som ho sjølv vil, og det å drive med husdyrhald.

Plantedyrking og husdyrhald heng saman: Når husdyra omgjer planter som vi menneske ikkje kan eta til næringsrik mat til oss, bidreg dei òg med gjødsel som fører til god vekst på planter som vi faktisk kan eta. Kanskje gjødsel som Stordalen vil bruke når ho blir bonde.

Stordalen skriv i eit svar til meg som om eg oppfordrar folk til å eta meir kjøtt. Men eg har derimot peikt på at bodskapen frå Stordalen om å eta mindre kjøtt kan forvirre folk veldig. Eit endra kosthald på bakgrunn av feil råd, vil føre til at det norske kulturlandskapet veks att.

Dette kulturlandskapet er grunnlaget for at vi kan sikre eit livbergande husdyrhald – og heilt nødvendig matproduksjon – her til lands. Her har vi små moglegheiter til å dyrke proteinhaldige plantevekstar til menneskeføde.

Det norske kosthaldet må vera basert på dei ressursane vi har tilgjengeleg. Og nordmenn treng protein. Då må kosthaldet vårt innehalde kjøtt, fisk, egg og mjølk. Slik sikrar vi landbruk i heile landet og ein sjølvforsyningsgrad som er til å leva med. Dette er særleg viktig i framtidige kriser og krigar der import blir vanskeleg eller umogleg.

Vi har lite dyrkbart areal her til lands, berre 3 prosent av det totale arealet. 2/3 av dette igjen er nesten utelukkande eigna til husdyrhald. Vi kan svært gjerne eta meir frukt, grønt og bær og stimulere til meir norsk produksjon av dette. Men reduserer vi husdyrhaldet mykje, overlever vi ikkje som folk.

Visse typar husdyrhald er eit stort problem både for klimaet og for dyrehelsa. Ser vi til utlandet, finn vi ekstremt store innhegningar med kjøttfe som lever omtrent berre på kraftfôr. Dette er det all grunn til å problematisere og kjempe mot. Men norske bønder må ikkje hengast ut for uheldige driftsformer andre stader i verda.

Ein tredel av landbruksarealet er eigna til å dyrke særleg korn, men også enkelte grønsaker, frukt og bær. Det er viktig å auke sjølvforsyninga på dette, men kvaliteten på kornet varierer mykje frå år til år. Det beste kornet blir ete direkte av oss menneske, men store delar blir ikkje etterspurt som menneskemat. Då hjelper husdyra oss med å omgjera dette igjen til næringsrikt kjøtt, egg og mjølk.

Det er bra at husdyra slik gjer det mogleg for kornbonden å få selt kornet, sikre lønsemda og redusere risikoen. Eg trur også Stordalen kan sjå at dette er positivt. Og vi er heilt einige om at det viktige arbeidet med å redusere klimagassutslepp må halde fram i alle næringar, også landbruket.

I eit gras- og beiteland som Norge vil husdyra alltid vera svært viktige. Det er krevjande å dyrke varmekjære vekstar som avokado, banan og bønner her, men gras og eng er det rikeleg av. I Norge må vi sjølvsagt også tenkje sjølvforsyning og matsikkerheit – og produsere den maten som er mogleg i den naturen vi har.