Overskrifta antydar at det skal handle om forskjellar, resten av innhaldet følgjer ikkje opp. Derimot spør Løvold om eg vil at Ålesund skal verte som Bergen, Oslo eller Drammen. Om han meiner at Ålesund skal vere ein regional motor, er svaret utvilsamt ja.

Vidare spør han om eg meiner at bompengesatsen skal aukast med 70 prosent. Bompengesatsen i bypakken er fastsett både i sum og maks lengde på innkrevjinga. Å kome med antydningar om noko anna er med på å skape ein fordummande debatt.

Han har også vore med i politikken så lenge at han veit at bypakka ikkje har nokon direkte samanheng med dei andre prosjekta han dreg opp av hatten. Eit halvhjarta forsøk på å setje dei opp mot kvarandre er ingenting anna enn eit narrespel.

Løvold har rett i at når Arbeidarpartiet tok over makta i Ålesund, var det noko høgare befolkningsvekst. Det var det i heile Møre og Romsdal, og fleire andre distriktsfylke. Nedgangen i befolkningsvekst i distrikta er godt forklart i fleire rapportar, kommunestyret i Ålesund kan nok ikkje klandrast. Derimot bør dei få honnør, for å klare å stå imot denne landsomfattande utviklinga.

Det er freistande å sitere Navarsete på «du veit ikkje kva du snakkar om», når Løvold påstår at «det einaste næringslivet som er igjen i Ålesund er heilt avhengige av turismen». Eg håpar for han sin del at få næringsaktørar i byen har fått med seg denne uttalen, for eg mistenker dei hadde vorte lite imponerte over kunnskapen.

Ålesund er Noregs største eksporthamn for sjømat, er kultursenter mellom Bergen og Trondheim, har eit veksande gründermiljø og ei rekke tunge næringsaktørar har hovudkontor i sentrum. I 2020 hadde sjømatnæringa i Ålesund aleine ei verdiskaping på 3,9 milliardar kroner jf. ringverknadsanalysar. I 2018 sto reiseliv for 580 MNOK ifølgje NHO og Menon Economics. Betydeleg, men ikkje samanliknbart.

Verdien av cruiseturistar er heller ikkje så stor som Løvold sjølvsikkert påstår. Rapporten frå 2018 seier mellom anna at; «Norske yrkesreisande er den klart viktigaste gruppa tilreisende til Ålesund målt i beregnet omsetning. Det til tross for at antall cruisepassasjerer har økt med over 350 prosent de siste 10 årene». Løvold kan med andre ord legge vekk frykta om ein død by, for godt.

Løvold verkar å ville prioritere bilistane framfor andre. Då bør han forstå at jo færre som køyrer bil, desto betre er det å køyre bil. Motstanden mot bypakke, kollektiv og sykkelfelt syner seg difor som ei stor sjølvmotseiing, eller grov mangel på kunnskap. Framstegspartiet gjentek jo til det keisame at dei er for å hjelpe folk der dei er, og så vidt eg veit bur det flest folk i Ålesund.

Det er ei lett øving å kritisere andre, men Løvold kjem ikkje med eitt einaste forslag til forbetring.