Vi er også svært glade for at Høgre si fylkestingsgruppe har delteke aktivt i utforminga av vedtaket og at det har blitt ei god og framtidsretta løysing.

Volda Høgre og Stranda Høgre er svært positive til at det blir arbeidd aktivt for å få god framdrift både i reguleringsplanarbeidet og i arbeidet med spleiselag for finansiering. På FV 60 vegmøtet på Stranda i vår kom det gode signal frå næringslivet om at ein kan tenkje seg å delta i eit spleiselag for å skunde på bygginga. Då Kvivsvegen var på dette stadiet, var det nettopp spleiselag mellom bankar, næringslivet og kommunane som var ei viktig brekkstong for å få på plass naudsynte reguleringsplanar og kome i løyvingsposisjon for statlege midlar.

Når tre SP-ordførarar no går ut i media og «legg 100 millionar kroner på bordet for ny FV 60», er det eit useriøst valkamputspel. Det vert også tydeleg når ordførar Stein Aam allereie har trekt tilbake si støtte. Vi veit i tillegg at det er store reelle utfordringar med å finne gode og framtidsretta løysingar både på Tomasgard og for kryssinga av Storelva ved Seljeset. Å love veldig rask oppstart er difor eit dristig valkamputspel.

I tillegg til dette veit også alle som har følgt med i media og kommunale saker at Stranda er inne på ROBEK-lista, Ørsta har auka lånegjelda dramatisk og det same har Volda på grunn av store kommunale investeringar siste åra. Når desse tre SP-ordførarane lovar så mykje kommunale kroner til dette fylkeskommunale prosjektet, så er det useriøst.

Volda Høgre og Stranda Høgre vil jobbe målretta og systematisk for å kunne skunde på oppstart av ny FV 60 mellom Tomasgard og Røyrhus bru. Det vil vi som ordførarkandidatar i desse kommunane gjere på følgjande måte:

  1. Arbeide for at våre kommunar og fylkeskommunen set av tilstrekkelege midlar til å få gjort ferdig reguleringa raskt og effektivt.

  2. Arbeide for at godkjenninga av reguleringsplanen-/planar blir gjennomført effektivt og utan forseinkingar i våre kommunar.

  3. Starte arbeidet omgåande etter valet med å få på plass bankar og andre bidragsytarar til eit økonomisk spleiselag.

  4. Så snart reguleringsplanen er ferdig, arbeide for å starte bygginga på dei strekningane ein kan få størst effekt.

  5. Arbeide aktivt og målretta for å få heile eller deler av strekninga finansiert gjennom fylkeskommunale løyvingar.

  6. Dersom ein ikkje klarer å få tilstrekkeleg finansiering gjennom fylkeskommunale midlar og økonomisk spleiselag vil ein får vurdert om bompengefinansiering kan vere eit verkemiddel for raskare bygging. I utgangspunktet er vi imot bompengefinansiering av denne strekninga.

Vi samarbeider gjerne med både SP og andre om ein ryddig plan for prosjektet.