Det er alvorleg og må takast tak i av kommune, skule, foreldre, eventuelt helseetat og barnevern, som bør ha med born sitt ve og vel å gjere ikkje berre i heimen, men elles og.

På eit kurs i hjelpeopplæring for nokre tiår sidan, sa ein kjend forelesar at born som vert mobba har lita eller inga nytte av undervisning. Mobba born og unge er tanke- og følelsesmessig stressa, på vakt, opptekne av det som har skjedd, av det som kanskje skjer no, eller om litt. Dei er opptekne av kroppsspråk, prøver å verne seg, unngå uønskte situasjonar. Energi og krefter går til dette.

Dei er ulukkelege. Mobbeoffer får sår som set spor livet ut.

Makt- og avmaktssituasjonen i mobbeproblematikken er framleis i samfunnet trass i offentlege mobbeprogram, kan vi lese i media.

Makta har mobbarane. Avmakta er hos alle andre, ser det ut for. Skulen er ofte hjelpelaus, vil eller greier ikkje, då det kan vere vanskeleg å gjere noko med alt som skjer på skulen både inne og ute, på bussar og fritid elles. Foreldre som opererer åleine gir ofte opp, ofte fordi dei er redde for at mobbinga aukar.

Så foreldre: Sterkast er ein når ein går og står saman. Start ei gruppe, eit fellesskap saman med dei som opplever at borna har problem. Kanskje andre og vil vere med. Finn ut kva de kan gjere, kor langt de kan gå, kor konkrete de kan vere for å setje lys på problema. Kva mobbetriks vert brukte, når det skjer, alder, skuleområde, andre arenaer. Sirkl det inn så langt det er tilrådeleg. Kven bør de kontakte. Kva kan offentleggjerast.

Mange føler det er flaut at nokon i familien vert mobba, det er det ikkje, det er blitt eit samfunnsproblem som for born og unge sin del må takast fatt i. Troll toler lite dagslys, då har dei lett for å sprekke. Få bukt med avmakta, ver sterke. Då er de og ei støtte for skule og lærarar om dei vil samarbeide. Læringsmiljøet er kommune og skule sitt ansvar. Dersom mobbinga skal halde fram som i dag og lage eit dysfunksjonelt psykososialt læringsmiljø, er eg redd det kan kome erstatningskrav i framtida, ikkje berre på grunn av mobbing, men og på grunn av mangelfull opplæring.