Skjebnen til Hamnsundruta avgjerast no.

Fylkeskommunedirektøren meiner at fylket ikkje har pengar til Hamnsundruta etter 2026. Buss mellom Hamnsund og Ålesund skal erstatte båten. Reisetida vil gjere det uaktuelt for folk å velje bussen framfor bilen.

Kapasiteten i Ålesundstunnelane er sprengt og Statens vegvesen ønsker fleire over på kollektivtransport og båt. Likevel blir den raskaste kollektive reisemåten foreslått nedlagt.

Dette vil ramme innbyggarar, skuleelevar og næringsliv i tre kommunar.

Fylkeskommunen kan ikkje rømme frå ansvaret for eit båttilbod til Store Kalvøy.

75.000 reisande i året er ikkje nok for fylkeskommunedirektøren. Då må heller prisen ned og tilbodet bli gjort meir kjent.

Er du einig og vil behalde båten?

Ta gjerne kontakt med lokale politikarar og fylkestingspolitikarane og sei kvifor båten er så viktig for akkurat deg.

Tida er knapp! Saka skal opp i fylkesutvalet 9. april. Skjebnen til båten blir endeleg bestemt i Fylkestinget 22-24. april.