Dei siste dagane kan ein lese saker om både nedlegging av barnehagen på Longva og utviklinga i arbeidet med å redusere takstane på Nordøyvegen.

Det er no vi avgjer om det vil vere attraktivt for barnefamiliar å etablere seg her og kva framtid næringslivet får. Arbeidsplassar, skule/barnehage og akseptable bomprisar er ei treeining med gjensidig påverknad for å sikre eit levande lokalsamfunn på Nordøyane.

Ifølge Vegamot og Kristin Sørheim ser det ut til at takstane på Nordøyvegen kan reduserast frå 219 til 172 kroner. Dette meiner eg er for dårleg. Dette vil framleis vere Noregs desidert dyraste bomstasjon. Hovudmålsettinga med å bygge dette vegsambandet i utgangspunktet var å hindre fråflytting, men no er det nettopp det vegprosjektet vil føre til, dersom ein ikkje gjer noko drastisk med prisnivået. Dersom det no dessutan vert lagt opp til at elbilar må betale 70 % av ny takst, vil dette medføre at elbilprisane faktisk kan gå opp.

Ein kan gjerne meine at elbilar ikkje bør få rabatt fordi dei slit like mykje på vegen som andre bilar, men faktum er at svært mange dagpendlarar har skaffa seg elbil for å i det heile tatt ha råd til å bruke vegen. Då bør enten prisane kuttast langt meir enn dette jamt over, eller elbilprisane i det minste haldast på dagens nivå. Sjølv om det er gitt rom nasjonalt for at ein kan auke elbilsatsane til 70 %, betyr ikkje dette at ein gjere dette. Slik oppnår ein ikkje anna enn å straffe mange av dei som brukar vegen aller mest. Eit anna uavklart spørsmål er kva som er tenkt gjort med taket for maks antal passeringar per månad. Om dette for eksempel kunne halverast, ville det kunne vore ei god løysing for dei som må køyre dagleg over brua.

Korleis skal ein finansiere lånet dersom takstane settast ned, lurar du på? Vel, sjølv meiner eg at heilt elementær logikk tilseier at ein lågare takst sjølvsagt vil føre til fleire passeringar. Trafikkstatistikken på Nordøyvegen viser at trafikken blei halvert når bomstasjonen vart sett opp. Til trass for dette har både antal passeringar og inntening vore høgare enn estimert. I tillegg er Nordøyvegen nominert til å bli Nasjonal turistveg, noko som potensielt vil kunne føre til meir turisme og fleire passeringar.

Sett ned prisen og la enda fleire få oppleve den vakre naturen og dei kjekke lokalsamfunna på Nordøyane. Kanskje vert nokre til og med lokka til å busette seg her? Så lenge det er barnehageplassar å få da vel og merke.