No er det meiningslaus angrepskrig frå Russland mot Ukraina, som vi får inn i stova kvar einaste dag.

Menneske vert drepne og lemlesta i tusental; born, ungdom både i og utan uniform, vaksne som må forsvare landet sitt, sivile på gata, i arbeid og i heimen.

Foreldre, sysken, besteforeldre, slekt og vener lir frykteleg.

Bustader, skular, barnehagar, sjukehus, arbeidsstader og alt av infrastruktur vert råka av dei dødelege krigshandlingane.

Det er så særdeles grufullt å sjå reportasjane at vi knapt kan fatte og forstå opplevinga av den uhyggelege sårbare verkelegheita til dei som dagleg vert ramma så brutalt.

Og krigen held fram, det synast ikkje å verte nok brutal galskap for og frå Russland mot menneska i Ukraina.

Midt i alt dette brutale, som vi vert påmint om dagleg, finn krigsangriparen det høveleg å invitere ei anna stormakt på besøk. Det er vel krigsstrategi og «naudsynt» egohandling.

Staseleg vert raud løpar rulla ut, æreshandlingar vert synt fram til gjesten, medan handtrykk og smil frå statsleiarane vert utveksla overfor kvarandre. Skålinga, ja heile handlinga, er opprivande, uhyggeleg og tragisk å sjå.

Skålinga skjer altså medan folket i den angripne nasjonen lever ufattelege tragiske sorgfulle liv, med død, krigsskade, svolt og naud, og tusen på tusen av russarar, vertskapet sitt folk, også lir i sorg over tapte unge liv på slagmarka.

Eg undrar meg på kor særdeles grufull og menneskefiendtleg ein statsleiar kan verte. Her står verten og trakkar på grufulle lidande menneskelagnader, som han sjølv har skapt – og skåler – medan den brutale meiningslause krigen framleis herjar målretta.