2 milliardar kroner dei siste 20 åra. No må konkurrentane våre stå på eigne bein, og subsidiane bør plasserast på historias skraphaug.

Unge forbrukarar som står framfor meierihyller som bognar av ulike produkt og leverandørar, hugsar ikkje den tida då Tine var einaste aktør i mjølkemarknaden.

Tine ønskjer seg ikkje tilbake til tida for 25 år sidan. Samtidig er vi stolte av den lange historia vår, med spor heilt tilbake til 1881. Den gongen som no, handlar det om samhald og solidaritet. Som eit samvirke er alle Tine-bønder medeigarar, og deler overskotet. Vi er dei mange små som blir til éin stor.

Berre Tine har henteplikt, noko som gjer det mogleg å produsere mjølk på små og store gardar frå sør til nord – anten garden ligg i dei inste fjordbygdene eller ytste øyene her på Sunnmøre, i Fjaler i Sogn, Salten i Nordland, Hallingdal eller andre stader. Vi har meieri og distribusjonslager spreidd rundt omkring i landet. Det gir også store ringverknadar: Berre i Møre og Romsdal skapar Tine kvart år verdiar for over halvannan milliard kroner og nesten 2000 arbeidsplassar. Det er nettopp det som er samfunnsoppdraget vårt: å skape eit levande Noreg.

Vi liker også utfordrarar, dei tilfører nye idear og produkt. For utfordrarane var det sjølvsagt krevjande å komme inn i mjølkemarknaden. For å auke konkurransekrafta til privatmeieria i ein Tine-dominert marknad på tidleg 2000-tal, blei nokre ekstraordinære støtteordningar vedtekne. Dei høge etableringshindera gjorde nok desse tilskota nødvendige i starten for å sikre konkurranse i mjølkemarknaden.

No har konkurrentane lykkast i marknaden og blitt kapitalsterke. I sentrale strøk har til dømes Q-meieria oppnådd ein marknadsdel på nær 50 prosent. Samtidig gir tilskotet Tine ei konkurranseulempe på to hundre millionar kroner kvart år.

Vi meiner det er på tide at Tines utfordrarar står på eigne bein. Regjeringa vurderer no å ta eitt steg lengre inn i framtidas mjølkemarknad, og fase ut dei konkurransefremjande tiltaka. Det er vi glade for.

Skal vi halde fram med å skape eit levande Noreg i framtida, treng vi sunn konkurranse, og han må skje på like vilkår.