Eg er merkeleg nok glad i fylkesstatistikk, til trass for at det er ganske depressiv lesing her i fylket.

Talet ungdomar går kraftig ned, vi har negativ nettoflytting og talet eldre over 80 år vil nær doble seg dei neste 10–15 åra.

Det eine lyspunktet er kanskje at kvinner her i fylket får flest born i landet. Men det kan også berre bety at dei har færre moglegheiter i arbeids- og næringslivet, noko ein ser igjen i ein tydeleg kjønnsdelt arbeidsmarknad.

Jf. framskrivingane til 2050 vil veksten i folketal vere på moderate 3,6 prosent. Noreg vil i snitt ha ein vekst på 11 prosent. Viken og Oslo vil begge ha over 15 prosent. Det gjer at næringslivet har store problem med rekruttering av kvalifisert arbeidskraft. Noko som vert forsterka små bu- og arbeidsmarknadsregionar.

Eg er busett i Ålesund og arbeider i Bauta-konsernet med tilhald i Vestnes kommune. Vi har kundar og tilsette langs store delar av kysten. Når eg skal følgje opp tilsette og kundar vi har i Aure kommune gir det ei reisetid på 4 timar kvar veg. Hadde vi vore i Oslo hadde eg dekka området Örebro, Kristiansand, Tynset og Lærdal med den same reisetida i bil.

Det er ikkje tvil i at ferjer fører til vanskelegare arbeidsmarknad og større kostnadar.

Ein ting er konsekvensane for meg på eige mindre kritisk reise. Men kva med vogntog lasta med fisk, som har strenge tidskrav for å sikre kvaliteten på lasta? Kva med servicemekanikaren som står i ferjekø når det er driftsstans i ein fiskefabrikk? Vi må forstå at verdien på bilane, er viktigare enn talet bilar.

Ein kan difor stille store spørjeteikn ved måten næringslivet vert møtt på, når vi seier ifrå kva vi treng for å sikre verdiskaping og arbeidsplassar i ei sak i SMP og RB den 12.05.23. Geir Stokkeland frå SV nøyer seg med banal retorikk om «sinte menn i blå skjorter» som tilsvar. Eg stilte forresten i heimestrikka kofte på biletet, men det passa sikkert ikkje inn i Stokkeland si enkle oppfatning av verkelegheita.

Ordførarkandidat Anne Marie Fiksdal i FRP var overraska og meiner det er utidig at folk som bur i andre kommunar skal meine noko om politikk i Vestnes. Ho gir ikkje akkurat inntrykk av å vere samlande og ville bygge gode relasjonar til næringslivet.

Saka er at politikarane ikkje tar innover seg alvoret i situasjonen. Næringslivet bryr seg lite om kommunegrenser, vi bryr oss om rammevilkår. Og rammevilkåra i Møre og Romsdal er ikkje gode, samanlikna med konkurrerande regionar.

Jf. Distriktsdemografiutvalet er dei tre største utfordringane i distrikt-Noreg; Nedgang i folketal, aldring og spreidd busetting. Realiteten er at norsk distriktspolitikk ikkje har fungert.

Det handlar ikkje om å ha ei bedrift, ein skule og ein sjukeheim i kvar bygd. Det handlar om å bygge gode regionar, slik at ein får ned reisetid og aukar tilgjengelegheit av sentrumstenester. For å oppnå dette er Møreaksen ei gåvepakke frå staten, til eit lite fylke med store utfordringar og pressa økonomi. Det vi må gjere er å takke ja og få spaden i jorda før dei ombestemmer seg.