Eg reiser mange turar for året mellom Ålesund og Bergen, men det gjer ikkje tydelegvis dei som setter opp ferjeruter. Eg køyrte frå Solavågen kl. 10.10, ferja gjekk med 8,5 knop over fjorden og brukte like lang tid å legge til kai. Vi brukte nesten 30 minutt på turen. Til samanlikning gjekk gamle Brandal på 15 minutt per tur.

Eg skulle ta ferja ifrå Volda kl. 11.10, men fekk 2 minutt for lite tid. Før i tida ringte vi ferja og dei venta, men no får dei bot for å vente på bilane etter nye reglar. Dermed ferja går nesten tom, og utan bilar som kom ifrå rute 11 Solavågen -Festøy. Så var det berre å vente i 40 min på neste ferje eller køyre om Stryn og Utvikfjellet.

Eg har snakka tidlegare med Norled, Fram og Statens vegvesen, men ingen greier å sette opp ferjeruter som korresponderer med kvarandre. Før gjekk ferja kvar halvtime frå Volda. No er det 40 minutt mellom kvar ferje.

Den som har noko med ferjeruter og les dette: Prøv å lag ein rutetabell som passar med Rute 10 og 11.

Ferjerutehefta er utgått på dato, så få det til med eit tastetrykk. På den måten unngår ein trafikkulykker og fartsbøter.

Det var tider med Brandal og Folkestad.