I tillegg nokre andre sportsgreiner som ikkje har vore vanlege her hjå oss, men som no har kome sterkt. Eg nemner golf, tennis, volleyball med fleire. Ikkje det at eg vil ha vekk desse som har kome til etter kvart, men det undrar meg at ein av dei absolutt viktigaste vintersportane vi hadde – skøyteløp, eller «hurtigløp på skøyter» som det også vert kalla – skal vere vekke frå allmennkanalen vår. Vi betalar no trass alt over 6 milliardar kroner for denne kanalen, anten ein ser på den eller ikkje.

Eg meiner at vi no må starte eit opprør for å få att skøyteløp på allmennkanalen vår. Det er det minste vi kan forlange for denne summen.