I Sunnmørsposten mandag 19. juni står å lese på side 4 at «Flere hundre deltok i Pride-toget i Ålesund lørdag.»

Ålesund Sentrumsforening stod som arrangør av Pride i 2023. Eg valte difor å stille eit spørsmål om eit meir nøyaktig tal på deltakarar i paraden på foreininga si Facebook-side. Der fekk eg oppgitt at nærmare 4000 deltok i paraden.

Då det er eit rimeleg stort misforhold mellom opplysningane gitt i avisa og det talet som Ålesund Sentrumsforening opererer med, valte eg å etterspørre opplysingane hos Sunnmørsposten. Der fekk eg stadfesta dei opplysingane som stod i deira reportasje; og at det så langt derifrå var snakk om 4000 deltakarar.

Så no sit eg, og fleire med meg, og er heller forvirra når det gjeld dette spørsmålet.

Ålesund Sentrumsforening svara meg også følgande på deira Facebook-side; «Vi har med oss profesjonelle aktørar som har kontroll på hvor mange mennesker som gikk i paraden i år også, det er med stor glede at vi kan meddele at det var nærmare 4000 personer i paraden i år.» Då eg så stilte spørsmål om kven desse «profesjonelle aktørar» er, så har eg enno ikkje fått noko svar på det.

Men, forhåpentlegvis så kan Ålesund Sentrumsforening kome med svar på følgande her i avisa:

  • Står foreininga fast ved at nærare 4000 personar gjekk i paraden i år?

  • Kva profesjonelle aktørar var det som soleis er ansvarleg for talet (nærare 4000 personar) som er oppgitt?