Først og fremst takk for at de har teke dykk god tid til å lese vårt innlegg der vi uttrykker stor bekymring for at kommunar og fylkeskommunen no ser ut til å slite med å behalde lærarutdanna lærarar.

Så vil vi beklage at det glapp då vi siterte frå politiske partiprogram. Vi var på jakt etter klare uttalar der partia lova å satse på elevane sin rett til ein lærarutdanna lærar i alle timar og alle fag.

Dette er eit av dei viktigaste valkampsakene for Utdanningsforbundet.

Vi har derfor peika på kva politikarar kan gjere for at elevane framleis skal vere sikra at dei møter ein lærarutdanna lærar når dei startar på skulen og alle dei 13 åra som skuleløpet vanlegvis varer.

Vår største bekymring no er at det er arbeidsvilkåra til lærarane som gjer at dei ser seg om etter andre arbeidsområde enn skulen og læraryrket. Vi har også sett eksempel på at lærar heller søkjer seg til miljøarbeidarstillingar i skulen sjølv om lærarstillingar er ledige, dette er ei skremmande utvikling.

Utdanningsforbundet veit at Frp er oppteken av skule og sjølv om vi til tider kan ha eit ulikt syn på kva som er god metodikk, så vil eg her trekke fram eit sitat frå partiprogrammet som eg håper vil få stor merksemd i valkampen.

«Det er viktig at skolen får utnyttet den kompetansen som er i lærerstaben. Planlegging og gjennomføring av undervisning, evaluering og tilbakemeldinger av elevarbeid må være lærerens hovedoppgaver. Skolen må derfor ha et annet apparat til å behandle rapportering, spesialoppfølging og merkantile oppgaver. Lærerens hovedoppgave er å være lærer, ikke byråkrat.» (mi utheving)

Her har Utdanningsforbundet og Frp felles politikk, nemleg at læraren må få vere lærar og at berre lærarar er lærarar. Vi vil hevde at lærarmandatet inneber ein del meir enn det som vert lista opp i programmet, men det viktigaste er at læraren får rammer til å utøve sitt mandat på ein god måte. Då er økonomi ein avgjerande faktor. Det må vere grupper av ein storleik som gjer at læraren kan sjå den einskilde elev og følgje dei opp slik elevane fortener alt etter sine føresetnader.

Då Utdanningsforbundet Møre og Romsdal møtte Mørebanken på Stortinget i fjor haust, uttrykte Frp sin representant Frank Sve at han også var svært bekymra for lærarane sine arbeidsvilkår, noko som fall i god jord hos oss som forbund. Denne bekymringa er like aktuell no, om ikkje enno større.

Som eit av dei største partia i fylket vil det glede oss om Frp no realiserer enno meir av den skulepolitikken som går direkte inn for å betre vilkåra for at elevane får den opplæringa og oppfølginga som dei fortener.